ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Kvalitativ metode som grunnlag for psykologisk kunnskap

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Kvalitativ metode og djubdeintervju

Kurset gir ein introduksjon til det kunnskapsteoretiske grunnlaget for kvalitativ forskingsmetode. Det tek særleg utgangspunkt i eit hermeneutisk-fenomenologisk perspektiv, men vil også gi oversikt over andre sentrale tilnærmingar. Kurset gir vidare praktisk øving i gjennomføring av kvalitative forskingsintervju. Denne innføringsøvinga bygger på eit klinisk perspektiv og kan kun erstattast av kurs som tek utgangspunkt i tilsvarande rammeverk. Kurset gir også ei oversikt over ulike måtar å evaluere kvalitativ forsking på, og korleis kunnskap frå slike studiar kan anvendast i psykologisk praksis.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Kunnskapar

Studenten kan ...

  • gjere greie for ulike kvalitative forskingsmetodar innanfor psykologi
  • gjere greie for sentrale trekk ved det kunnskapsteoretiske grunnlaget for kvalitative forskingsmetodar
  • gjere greie for kvalitetskriterium i forsking, inkludert prinsipp for openheit i vitskapleg arbeid
  • kritisk analysere relevant forsking og meistre psykologfaglege uttrykksformer
  • sjølvstendig grunngi val og bruk av relevante metodiske verktøy og utføre ulike kvalitative analysar
  • forklare og drøfte etiske spørsmÃ¥l og personvernomsyn som er knytt til gjennomføring av kvalitativ forsking
  • gjere greie for hermeneutisk-fenomenologisk forskingsmetode, mogelegheiter og begrensningar ved djubdeintervju, samt drøfte sentrale kvalitetskriterium for kvalitativ forsking
  • gjere greie for betydninga av refleksivitet i innsamling og analyse av kvalitativt datamateriale med særleg vekt pÃ¥ forholdet mellom intervjuperson og intervjuar

Ferdigheiter

Studenten kan ...

  • utforme forskingsspørsmÃ¥l som er eigna for kvalitativ forsking
  • vurdere kvaliteten pÃ¥ kvalitative undersøkingar
  • utforme ein intervjuguide, gjennomføre eit kvalitativt forskingsintervju, samt kode og analysere transkribert intervjumateriale
  • rapportere metodisk framgangsmÃ¥te, presentere kvalitative forskingsfunn og drøfte funna refleksivt innanfor format av skriftlege forskingsarbeid
  • skape kontakt og innhente informasjon om andres erfaringar gjennom intervju

Generell kompetanse

Studenten kan ...

  • stille seg kritisk og reflektert til mogelegheiter og begrensningar ved kvalitativ forsking
  • reflektere rundt intervjusituasjonens etiske og mellommenneskelege dynamikk

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

5 sp

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Profesjonsstudiet i psykologi
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, seminar og gruppeøvingar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Kvalitativ metode og djubdeintervju

  • Intervjuøving (obligatorisk oppmøte).
  • Evalueringsøving (obligatorisk oppmøte).
Vurderingsformer

Mappevurdering som skal inneholde to element:

1. Skriftleg arbeid tilknytta Intervjuøving.

2. Skriftleg arbeid tilknytta Evalueringsøving.

Det vil bli gitt ein samla karakter på bakgrunn av alle delane i mappa.

Karakterskala
Bestått / Ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juli.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i trÃ¥d med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Institutt for klinisk psykologi
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultet