ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Vitskapsteori og kvalitativ metode i psykologi

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Emnet gir ei integrert innføring i vitskapsfilosofien og kvalitative forskingsmetodar med særskilt vekt på psykologisk yrkesutøvelse. Det utforskar korleis kunnskap blir skapt, fortolka og nytta i psykologisk forsking og praksis.

Den vitskapsfilosofiske delen gir oversikt over sentrale tradisjonar og posisjonar som positivisme og post-positivisme, hermeneutikk, fenomenologi og sosial konstruktivisme. Denne delen drøftar korleis desse posisjonanene former forståinga av psykologisk kunnskap, menneskesyn og verdifundamentet i faget, både innen kvantitativ og kvalititativ forskning, og psykologisk praksis.

Den metodiske delen gir ei praktisk og analytisk innføring i kvalitative forskingsstrategiar og forskingsetikk. Studentane får erfaring med å gjennomføre og analysere kvalitative forskingsintervju, samt reflektere over forskarrolla, relasjonen mellom forskar og deltakar, og prinsipp for kvalitet og refleksivitet i kvalitativ forsking.

Eit gjennomgåande tema er forholdet mellom teoretisk og praktisk kunnskap innen psykologisk yrkesutøving, og korleis vitskapsfilosofiske perspektiv dannar grunnlag for metodiske val, forskingsdesign og etiske vurderingar.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Kunnskap

Studenten kan …

  • gjere greie for sentrale vitskapsfilosofiske tradisjonar og relevansen deira for bÃ¥de kvalitativ og kvantitativ psykologisk forsking, og profesjonell psykologisk praksis
  • gjere greie for ulike menneskesyn i psykologifaget og korleis desse pÃ¥verkar forstÃ¥inga av psykiske fenomen, forsking og behandlingspraksis
  • forklare samanhengar mellom ontologiske og epistemologiske føresetnader og val av forskingsmetode, samt skillet mellom vitskap og det som ikkje er vitskap
  • reflektere over den vitskapsfilosofiske eigenarten til psykologien i lys av historia, verdiane og samfunnsrolla til faget
  • skildre sentrale kvalitative forskingsmetodar, bÃ¥de for innsamling og analysering av data, med særleg vekt pÃ¥ hermeneutisk-fenomenologisk, og refleksiv tematisk analyse, men ogsÃ¥ diskursanalyse
  • gjere greie for kriterium for kvalitet, gyldigheit og etisk forsvarlegheit i kvalitativ forsking

Ferdigheiter Studenten kan …

  • drøfte grunnlagsspørsmÃ¥l i psykologifaget, og kombinere dette med en refleksjon over eget stÃ¥sted
  • formulere kvalitative forskingsspørsmÃ¥l og utforme forskingsdesign som er forankra i relevante vitskapsfilosofiske perspektiv
  • planleggje, gjennomføre og analysere kvalitative intervju pÃ¥ ein etisk begrunna og refleksiv mÃ¥te
  • bruke og reflektere kritisk over metodiske verktøy for koding, fortolking og drøfting av kvalitativt datamateriale
  • analysere og kritisere psykologisk teori og forsking ut frÃ¥ vitskapsfilosofiske og metodologiske perspektiv
  • presentere kvalitative funn og drøftingar i eit akademisk format
  • beherske reflekterande og argumenterande akademisk skriving, inkludert APA-standard

Generell kompetanse Studenten kan …

  • integrere vitskapsfilosofisk refleksjon i eigen forskingspraksis og psykologfaglege resonnement
  • vurdere gyldigheita, grensene og kontekstavhengigheita til kunnskap i psykologisk forsking
  • reflektere over forskarrolla, etiske dilemma og maktaspekt i kvalitative forskingsprosessar
  • bidra til nytenking i psykologifaget ved Ã¥ kople teori, metode og praksis i lys av ulike vitskapsfilosofiske perspektiv

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Profesjonsstudiet i psykologi
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga består av førelesingar med integrert studentaktiv læring, seminar og praktiske øvingar. Studentane vil delta i smågruppearbeid knytt til design, gjennomføring og analyse av eit kvalitativt intervju, evaluering av forskingsartiklar, samt diskusjonsseminar der teoretiske perspektiv på vitskap og metode blir drøfta i lys av konkrete forskings- og praksisdøme.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Minst 80 % deltaking i undervisninga før studenten kan gÃ¥ opp til eksamen.
  • Utkast til refleksjonsessay.
  • Deltakelse pÃ¥ flervalgsprøve som besvares pÃ¥ papir (100% obligatorisk oppmøte).
Vurderingsformer

Mappevurdering som skal innehalde to element:

  • Refleksjonsessay pÃ¥ 2000 ord +/- 20%
  • Skriftleg arbeid tilknytt intervjuøving

Mappen må bestås i sin helhet.

Eksamenssvaret må vere på norsk.

Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil normalt vere klar innan 1. juli.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i trÃ¥d med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Det psykologiske fakultet.
Emneansvarlig
Institutt for klinisk og biologisk psykologi
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultet