Mediert Evidentia
³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- PRO219
- Talet på semester
- 1
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Engelsk og norsk.
- Ressursar
Emnebeskrivelse
Utfyllende semesteromtale
Fokusområde(r): SKULPTUR
Emneansvarlig: ARILD VÃ…GE BERGE
Inkludert HMS: N/A
I denne modulen utfordrar me kategorien objekt innanfor kunstfeltet. Me undersøker korleis forståinga av kunstobjektet har endra seg over tid, og korleis slike endringar kan kaste lys over våre samtidige kunstnariske praksisar. Ulike tilnærmingar til objektomgrepet vert drøfta, med tanke på kva konsekvensar dei har for måten me oppfattar og tolkar kunst på. Eit sentralt forskingsspørsmål vil vere om naturen openberrar seg direkte, eller om han alltid kjem til oss gjennom ulike former for mediering. Kan me eigentleg observere virkelegheita slik ho er, eller er perspektivet vårt uunngåeleg forma – og stundom forvrengt – av våre eigne projeksjonar? Undervisninga kombinerer førelesingar, tekstbaserte studier, analyse av kunstverk, vegleding og gruppekritikk. Hovudoppgåva er å utvikle eit indviduelt kunstnarisk prosjekt som tek utgangspunkt i modulen sitt tema, supplert med ein kort skriftleg refleksjon. Modulen avsluttast med ei utstilling.
OBS: Modulen inkluderer ikkje HMS-opplæring. Dersom du ønskjer å nytte verkstadar i arbeidet ditt, må du sikre at du har naudsynt tilgang før undervisninga tek til. (HMS-økter vert tilbydde i veke 34 og 35.)
MÃ¥l og innhold
Dette er eit prosjektbasert emne med fokus på korleis ulike former for bevis kan samlast inn, undersøkast, utfordrast og reflekterast gjennom kunstnarlege handlingar.
PRO-emna er utforma for å berike din kunstnarlege utvikling (som blir utforska i ART-emna) ved å aktivere ferdigheiter, koble faglege fellesskap og undersøke disiplinære avgrensingar. PRO-emnane gir deg moglegheit til å fokusere på eit spesifikt prosjekt tilknytt di eiga praksis innanfor ein kontekst gitt av emneansvarlige.
³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð
Kunnskap
- Utvikle bevisstheit om relevante kjelder og praksisar
Ferdigheiter
- Utforske tilnærmingar knytt til innsamling og (re)formulering av informasjon innanfor kunstnarpraksis
- Forbetre og utvide dine eigne ferdigheiter og metodar gjennom prosjektutvikling
Generell kompetanse
- Identifisere dine eigne læringsbehov knytt til fagområda
- Utvikle og presentere nytt arbeid.
Fulltid/deltid
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Krav til studierett
Opptak til bachelorprogrammet i kunst.
Det er satt eit tak på 15 studentar som kan ta dette emnet og tilsvarande emnet på MA-nivå. I enkelte tilfelle kan emnet ha lågare eller høgre opptakstall, dersom faglege, organisatoriske eller pedagogiske grunnar tilseier det. Dette vil gå tydeleg frem i utfyllande semesteromtale.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisnings- og læringsmetodar kan inkludere:
- Prosjektutvikling
- Individuell utforsking
- Gruppearbeid
- ¹óø°ù±ð±ô±ð²õ¾±²Ô²µ²¹°ù
- Presentasjonar
- Gruppediskusjonar
- Rettleiing
- Tilvist litteratur
- ³§°ì°ù¾±±¹±ðø±¹¾±²Ô²µ²¹°ù
- Verkstadbasert instruksjon
Sjå utfyllande semesteromtale for detaljar spesifikke for dette semesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Innlevering av kunstnarleg arbeid, enten fysisk eller digitalt. Emneansvarlig spesifiserer dette i starten av semesteret.
Vurderingskriterium:
Utforsking
Fagkunnskap
Eksperimentering
Realisering
Samarbeid og sjølvstendig arbeid.