ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Forskningspraksis i fysikk ved CERN

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

²ÑÃ¥±ô:

Studenten får praktisk erfaring med forsking som prosess og arbeidsmetode i eit internasjonalt forskingsmiljø. Studenten vil planlegge, gjennomføre og formidle sitt eige arbeid. Studenten utviklar ei betre forståing av forskingas eigenart og bidrag i samfunnet.

Innhald:

Studenten vil som teknisk student ved CERN gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt som varer frÃ¥ 6 til 12 mÃ¥nader. Studenten er integrert i ei forskingsgruppe pÃ¥ CERN, og prosjektet blir gjennomført under fagleg rettleiing. Temaet blir valt i samrÃ¥d med fagleg rettleiar pÃ¥ CERN, og ein forstudierapport skal bli levert tidleg i prosjektet. Studenten skal gjennomføre ein midtvegspresentasjon for fagleg ansvarleg ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´. Det skal skrivast ein prosjektrapport pÃ¥ vitskapeleg form, og problemstilling og resultat skal formidlast pÃ¥ ein sluttpresentasjon etter at opphaldet pÃ¥ CERN er gjennomført.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskapar om forskingsetiske normer, retningslinjer og god praksis i fagfeltet
  • kan setje seg grundig inn i ei ny problemstilling i fysikk og nødvendige arbeidsmetodar
  • kan forklare prinsippa bak og formÃ¥let med dei forskingsaktivitetane som inngÃ¥r i prosjektet
  • kan plassere eigne data og funn i ein fagleg kontekst

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og rapportere resultat frÃ¥ ei forskingsoppgÃ¥ve i trÃ¥d med fagets standardar
  • kan finne, samanfatte og bruke faglitteratur som er relevant for prosjektet
  • kan forklare og begrunne korleis resultata i prosjektoppgÃ¥va kan tolkast og vurderast
  • kan vurdere eigne resultat opp mot ny kunnskap i fagfeltet
  • har erfaring med metodar og praksis i eit internasjonalt forskingssamarbeid

Generell kompetanse

Studenten

  • utviklar fagleg identitet, rolleforstÃ¥ing og forstÃ¥ing for forskingas eigenart og bidrag i samfunnet
  • kan samarbeide med andre i eit forskingsfellesskap og sikre framdrift av eit definert prosjekt
  • kan kommunisere eige arbeid og resultat til ulike mÃ¥lgrupper gjennom rapportar og presentasjonar
  • kan bruke kunnskapar i fysikk til kritisk tenking og ansvarleg refleksjon

Studiepoeng, omfang

30 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

³ÕÃ¥°ù/±á²¹³Ü²õ³Ù

Undervisningssted

CERN Geneve, Sveits
Krav til forkunnskaper
PHYS111 eller tilsvarende
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
PHYS117 (10 studiepoeng reduksjon)
PHYS229 (10 studiepoeng reduksjon)
Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi

Opptak til emnet føreset at ein er teken opp i teknisk student programmet ved CERN. Studenten er sjølv er ansvarleg for denne søknadsprosessen. Studenten må og oppfylle kvalifikasjonskrava til teknisk student programmet på CERN:

  • Studenten er ein borgar av ein CERN-medlemsstat eller tilknytt medlemsstat.
  • Studenten har fullført minst 18 mÃ¥nader av dei bachelorstudia dine ved tidspunktet for neste utveljing av studentar.
  • Studenten er registrert som ein heiltidsstudent i løpet av praksisopphaldet
  • Studenten har god kjennskap til engelsk eller fransk
Arbeids- og undervisningsformer
Kortfatta forstudierapport som beskriv prosjektet og ein arbeidsplanPresentasjon midt i opphaldet der studenten presenterer status for eige prosjekt. Skriving av prosjektrapport i vitskapleg format. Munnleg presentasjon av prosjektarbeidet.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er ingen obligatorisk undervisning i emnet.
Vurderingsformer

Godkjent prosjektmappe i skriftleg format som inneheld fylgjande:

  • Ein forstudierapport
  • Ein midtvegspresentasjon
  • Ein prosjektrapport i vitskapleg format
  • Ein munnleg presentasjon som formidlar eigne resultat

Alle elementa må være godkjent for å få karakteren bestått i emnet

Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
³ÕÃ¥°ù/³ó²¹³Ü²õ³Ù
Litteraturliste
Ikkje relevant
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og instituttet sitt kvalitetssikringssystem
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Programansvarlig
Programstyret i fysikk har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson: kontakt: studie.fysikk@uib.no
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi og Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for dette emnet og studieprogrammet.