ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Praktisk pedagogikk - pedagogikk 1. semester

Ã…°ù²õ²õ³Ù³Ü»å¾±³Ü³¾

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Emnet har som mål å dyktiggjøre studentane i utøvinga av eit profesjonelt lærararbeid. Læraren har mellom anna ansvar for elevane si læring, utvikling og danning. Det krev at ein har kunnskap om lovverk og mandat for opplæringa, lærings- og danningsprosessar og korleis opplæringa skal tilpassast mangfaldet i elevgruppa. Gjennom emne vil studentane få kunnskap om forsking innanfor dei aktuelle tema, samt at tematikken vidare skal utforskast av studentane i eigen praksis.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om skulen sitt mandat og funksjon i samfunnet og er oppdatert pÃ¥ gjeldande lov- og planverk
  • har kunnskap om samiske elevars rettigheiter
  • har kunnskap om læraryrket som profesjon
  • har kunnskap om sentrale lærings-, utviklings- og motivasjonsteoretiske perspektiv og har utvikla eit kritisk forhold til desse
  • har kunnskap om samanhengar mellom klasseleiing, undervisning, vurdering og eit inkluderande læringsfellesskap
  • har kunnskap om tilrettelegging av læringsaktivitetar for elevar med ulike læreføresetnader og kulturell bakgrunn
  • har kunnskap om bruk av IKT i undervisninga og utfordringar og moglegheiter knytt til dette

Ferdigheiter

Studenten

  • kan identifisere og orientere seg i kunnskapsgrunnlaget for lærarprofesjonen
  • kan identifisere og analysere problemstillingar knytt til skulen sitt danningsoppdrag i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn.
  • kan foreslÃ¥ og grunngje planar for eit godt klasse- og læringsmiljø i lys av teori
  • kan identifisere og analysere problemstillingar knytt til forholdet mellom ordinær undervisning og individuelt tilrettelagt opplæring
  • Kan anvende forskings- og erfaringsbasert kunnskap til Ã¥ identifisere ulike aspekt ved vurdering
  • kan reflektere over digital kompetanse og IKT i lys av læreplanen sine overordna føringar pÃ¥ dette omrÃ¥det

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kritisk reflektere over skulefaglege og utdanningspolitiske spørsmÃ¥l
  • har ei profesjonell haldning og kan kritisk reflektere over spørsmÃ¥l som gjeld elevars læring, danning og utvikling
  • kan formidle og kommunisere pedagogiske problemstillingar knytt til utøving av læraryrket pÃ¥ eit fagleg avansert nivÃ¥

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Praktisk-pedagogisk utdanning

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Universitetet i Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Studenten må vere teken opp på eittårig praktisk-pedagogisk utdanning.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert organisert som førelesingar og seminarundervisning i mindre gupper. I tillegg har studentane eit innføringskurs på 12 timar. Seminarundervisninga legg vekt på studentaktive arbeidsmåtar og det vert rekna med at studentane møter førebudd til seminara. Kvar student har tilbod om 2 timar individuell rettleiing.

Omfang:

  • Innføringskurs: 12 timar
  • Førelesingar: normalt 8 førelesingar à 2 timar
  • Seminar: normalt 11 seminar à 2 timar, 2 seminar à 4 timar
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Følgjande aktivitetar er obligatoriske:

  • Delta og møte førebudd pÃ¥ seminar
  • Presentere eit case frÃ¥ praksis med aktuell problemstilling munnleg pÃ¥ seminar.
  • Utforme ein tekst pÃ¥ ca. 1000 ord der studenten skildrar eit aktuelt case, synliggjer ein tydeleg problemstilling og knyt dette saman med relevant litteratur
  • Gje skriftleg tilbakemelding pÃ¥ caseskildringa til to medstudentar.
  • Halde ein munnleg presentasjon med utgangspunkt i det aktuelle caset.
  • Gje tilbakemelding pÃ¥ den munnlege presentasjonen til to medstudentar.

Obligatorisk aktivitet må være greidd for å kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen.

Munnleg eksamen skal avlegges på norsk, eventuelt eit anna skandinavisk språk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i trÃ¥d med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Det psykologiske fakultet
Emneansvarlig
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultet v/institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for emnet.