ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Pedagogisk filosofi

Masteremne

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Emnet er ei vidareføring av PED111 Pedagogisk filosofi frå bachelorstudiet i pedagogikk. Emnet skal gi studentane grundig forståing for korleis pedagogisk filosofi og idéhistorie kan problematisere føresetnader for pedagogisk praksis. Det blir lagt vekt på at studentane sjølv skal ta stilling til og drøfte grunnleggande pedagogiske spørsmål og utfordringar. Studentane si kritiske lesing av pedagogisk-filosofiske tekstar, deira aktive deltaking i seminar, samt deira sjølvstendige tekstproduksjon, utgjer ein vesentleg del av studiet sitt innhald.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten...

  • har inngÃ¥ande kunnskap om og forstÃ¥ing for pedagogisk-filosofiske teoriar
  • har grundig forstÃ¥ing for sentrale pedagogisk-filosofiske spørsmÃ¥l og omgrep

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan gjere greie for og drøfte ulike oppfatningar av utdanning, kunnskap og læring, samt forholdet mellom desse
  • kan gjere greie for og drøfte ulike syn pÃ¥ forholdet mellom utdanning og samfunn
  • kan ta stilling til og drøfte grunnleggande problem innan pedagogisk arbeid og innan pedagogikk som fag og forskingsfelt, inkludert forholdet mellom fagets praktiske og teoretiske dimensjonar

Generell kompetanse

Studenten...

  • meistrar akademisk skriftleg framstillingsmÃ¥te
  • kan diskutere grunnlagsproblem bÃ¥de munnleg og skriftleg
  • kan ta imot tilbakemelding pÃ¥ eigne tekstar og forbetre desse i lys av tilbakemeldinga

Fulltid/deltid

Deltid.

Studiepoeng, omfang

Emnet har eit omfang på 15 studiepoeng og er normert til eit semester.

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

Haust, annakvart år.

Undervisningssted

Studiet er nettbasert, men i starten av kvart semester blir det vanlegvis arrangert ei samling i Bergen.
Krav til forkunnskaper
Ingen.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett på masterprogram i pedagogikk deltid (nettbasert)
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det vil bli gitt obligatoriske arbeidsoppgåver undervegs i semesteret.
Vurderingsformer
Emnet nyttar heimeeksamen over 14 dagar.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.
Vurderingssemester
Haust/vår, annakvart år.
Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Litteraturlista er på 1000 sider (+/- 10 %). Delar av litteraturen kan vere tilgjengeleg i form av eit kompendium.

Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.
Programansvarlig

Institutt for pedagogikk.

Emneansvarlig
Institutt for pedagogikk.
Administrativt ansvarlig

Det psykologiske fakultet v/ Institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.