Internasjonalt emne heime
Masteremne
- Studiepoeng
- 3
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- OD5INT2
- Talet på semester
- 1
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Engelsk
- Ressursar
Emnebeskrivelse
MÃ¥l og innhold
²ÑÃ¥±ô:
Emnet har som mål å gje studentane kunnskap om helse/oral helse i eit globalt /internasjonalt perspektiv og samstundes stimulere til refleksjonar kring ulikskapar samanlikna med odontologisk praksis i Noreg. Emnet formidlar forståing for globale utfordringar i helse/oral helse og tilbod/bruk av helse/tannhelsetenester.
Innhald:
Emnet tek opp tema innan epidemiologi, samfunnsodontologi, førebyggjande og helsefremmande arbeid, oral patologi, klinisk verksemd og globale utfordringer når det gjeld tilbodet om og bruken av orale helsetenester.
³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð
Studenten har, ved avslutta emne, følgjande læringsutbytte:
Kunnskap:
Studenten:
- har avansert kunnskap om orale helseutfordringer globalt, interaksjonen mellom oral helse og generell helse og om individuelle og samfunnsmessige faktorar som verker inn på global oral helse.
- kjenner til korleis ein anvender orale førebyggjande og helsefremjande tiltak i lave ressursområde.
- kjenner til den globale byrden ved orale sjukdomar.
- kjenner ulike metodar for vurdere informasjonen frå innsamling av opplysningar om helse/oral helse
Ferdigheiter:
Studenten:
- føretar ein analyse med identifisering av problem og mål når det gjelder den orale helsen i lave ressursområde.
- implementerer eit oralt helseprogram basert på denne situasjonsanalysen og veit korleis ein nytter relevante metodar i oral helse forsking og førebyggjande orale helse strategiar.
Generell kompetanse:
Studenten reflekterer kring globale og bidrar mot globale, orale helse-utfordringar. Etiske forhald, ulike tilnærmingar for intervensjon, internasjonalt samarbeid og offentlege kontra private helsetenestetilbod er tema studenten er i stand til å ta stilling til.