Ferdighetskurs endodonti
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester ³ÕÃ¥°ù
- Emnekode
- OD3ENDOD
- Talet på semester
- 1
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Norsk
- Ressursar
Emnebeskrivelse
MÃ¥l og innhold
Endodonti omhandlar etiologi, diagnose, førebygging og behandling av sjukdommar og skader som involverer tannpulpa, samt følgjetilstander av desse.
Undervisninga i emnet har som mål å førebu studenten til å kunne behandle pasientar på ein sikker og forsvarleg måte.
³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð
Kunnskapar
Studenten
- forstår og gjer greie for etiologi og endodontisk sjukdomsutvikling.
- kjenner til ulike diagnosar og behandling som er aktuelle for vitale og avitale tenner.
- gjer greie for prinsippa for kavumpreparering av tenner basert på grunnleggjande kunnskap om tannanatomi.
- kjenner til fordelar og faremoment knytt til ulike roterande instrument brukt ved kavumpreparering
- har teorigrunnlaget knytta til metodar for endodontisk røntgendokumentasjon og kva røntgenopptak vi tar ved endodontisk behandling.
- gjer greie for ulike rotkanalinstrument og deira bruksområde.
- gjer greie for eigenskapar og bruksområde til materialar og medikamenter som er aktuelle ved endodontisk behandling
Ferdigheiter
Studenten
- gjennomfører endodontiske prosedyrar med akseptabel aseptikk.
- meistrar manuelle ferdigheiter som er naudsynte for å utføre kavumpreparering av alle tanngrupper.
- velgjer og brukar egna roterande instrument for å utføre kavumpreparing.
- tar røntgenopptak som gir bilete av god kvalitet.
- brukar egna manuelle og maskinelle rotkanalinstrument under endodontisk behandling.
- beherskar instrumenteringsteknikkar som er tilpassa tanna sin anatomi
- brukar og velje medikament som er tilpassa bruksområda for desinfeksjon, irrigasjon og midlertidig innlegg i rotkanalen under endodontisk behandling
- brukar og vel materialar som er tilpassa teknikken som nyttast ved fylling av rotkanalen
- utfører rotfylling basert på dei ulike endodontiske diagnosane (pulpektomi, nekrose- og revisjonsbehandling)
Generell kompetanse
Gjennom ferdigheitstrening har studenten ei bevisst haldning til aseptikk og teknisk kvalitet.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjent fagspesifikt klinisk trening er ein føresetnad for å ta den skriftlege og praktiske prøven.
All undervising er obligatorisk, bortsett frå førelesingar.
Studenten er ansvarleg for å melde om fråvær, og ugrunna fråvær er ikkje tillate.
I tillegg til krav om deltaking, må dei faglege krava vere oppfyllde, både når det gjeld kvalitet på arbeidet og tilstrekkeleg mengdetrening.
I dette emnet er obligatoriske aktivitetar gyldige i to semestre.
Vurderingsformer
- Teoriprøve av 45 minutters varigheit og sjølvstendig oppgåve av varigheit på 2,5 timer
- Evaluering av utført arbeid i løpet av ferdigheitstreninga
NÃ¥r vurderingsforma i eit emne er «skriftleg prøve», vil det bli arrangert to kontinuasjonsprøver innan kort tid for studentar utan gyldig resultat. Studentar som ikkje har oppnÃ¥dd gyldig resultat etter tre forsøk, blir flytta ned til lÃ¥gare kull. Dei tre forsøka som høyrer til kvar gjennomføring av emnet, blir rekna som eitt vurderingsforsøk i samsvar med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´s forskrift om studiar §8-1 (1). PÃ¥ grunn av den korte tida mellom ordinær og ny prøve, vil klaga pÃ¥ sensur ikkje bli behandla før tredje forsøk er gjennomført. Dersom tredje forsøk blir gjennomført som munnleg prøve, er det dei to tidlegare skriftlege forsøka som er gjenstand for klagebehandlinga.