ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Nordisk litteratur 2: Teksthistorie og kulturutvikling

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Emnet har to hovudtema: teksthistorie og kulturutvikling.

Begge desse temaa blir studerte med omsyn til det litteraturfaglege og det litteraturdidaktiske. Emnet tek for seg litteratur frå mellomalderen til nyare tid. Emnet skal gje ei solid litteraturhistorisk innføring som knyter litterære tekstar til sosiale, kulturelle, idéhistoriske og biografiske tilhøve. Emnet skal også bidra til refleksjon omkring litteraturhistoriografien, slik at ein ser litteraturhistoria si framstilling av periodar, kontinuitet og brot som uttrykk for pedagogiske grep og ideologiske strategiar. Emnet fokuserer på litterære klassikarar og deira plass i norskfaget med særleg vekt på historiske perspektiv og litteraturhistorigrafi.

Kjennskap til norskfagets historie og refleksjon omkring eigen undervisningspraksis er sentrale fagdidaktiske moment i emnet.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Ein student som har gjennomført emnet, skal ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap: Kandidaten

  • har inngÃ¥ande kunnskap om eldre norsk og nordisk litteratur
  • har god innsikt i litteratur- og kulturhistoriske problemstillingar
  • har god kunnskap om læreplanane for norskfaget, med vekt pÃ¥ kompetansemÃ¥l knytte til litterære og historiske perspektiv
  • har kunnskap om lesing i eit sosiohistorisk perspektiv

Dugleik: Kandidaten

  • kan lese og tolke eldre tekstar i ulike sjangrar og skrive sjølvstendige kommentarar til og analysar av desse
  • kan setje sentrale norske tekstar inn i ein historisk samanheng og sjÃ¥ dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur
  • kan rettleie elevar i bruk av litteraturfagleg kjeldemateriale
  • kan reflektere omkring skiljet skjønnlitteratur-sakprosa, særleg former for sakprosa som er nærskylde til skjønnlitteraturen, som til dømes essay, talar og brev
  • kan reflektere over lesingas historie og utvikle elevars lesekompetanse i kulturelt og kompetanseorientert perspektiv

Generell kompetanse: Kandidaten

  • har forskingsbasert innsikt i norskfagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frÃ¥ slike perspektiv
  • har kunnskap om teksthistorie frÃ¥ eit danningsperspektiv
  • kan sjÃ¥ norskfaget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati
  • har innsikt i norskfaget si rolle i skolen og samfunnet

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

³ÕÃ¥°ù

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper

Studentane skal vere lærarar med pedagogisk bakgrunn i samsvar med krava i rammeplanane for lærarutdanninga. Dei må dessutan vere tilsette i skolen i studieperioden.

30 studiepoeng i Norsk 1 med både språk og litteratur (eller tilsvarande)

Anbefalte forkunnskaper
-
Studiepoengsreduksjon
-
Krav til studierett
Emnet er ope for dei som har fÃ¥tt opptak gjennom ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ Videre
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er konsentrert til samlingar på to dagar og kombinerer førelesingar med seminar.

Nettbasert førebuings- og etterarbeid

Rettleiing på oppgåver

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Levering av tre oppgåver innan fastsette fristar i samband med samlingane.

Ei av oppgåvene skal ta opp arbeidet med teksthistoriske perspektiv i klasserommet, og skal innebere kunnskapsdeling i eige kollegium.

Begge målformer skal vere representerte i oppgåvene.

Vurderingsformer

Heimeeksamen på sju dagar

MÃ¥lform: Nynorsk

I samsvar med nasjonale retningslinjer blir det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Karakterskala
Karakterskala A - F
Vurderingssemester
³ÕÃ¥°ù og haust
Litteraturliste
Pensumet skal svare til ca. 1000 sider av normal vanskegrad.
Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomførte i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´s kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarlig
Programstyret for nordisk
Emneansvarlig
Administrativt ansvarlig
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium