ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Andrespråkslæring og -undervising

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Emnet har som mål å gi kunnskap om korleis ein lærer eit andrespråk, og om på kva måte læringsprosessen kan påverkast positivt gjennom undervisning. Emnet omfattar både språklæringsteoretiske og didaktiske aspekt ved andrespråkslæring

Andrespråkslæring er eit komplekst fenomen som omfattar språklege, kognitive og sosiale prosessar, og som vert studert frå ulike teoretiske tilnærmingar. Emnet gir ei innføring i dette teoretiske mangfaldet. Trekk ved språket til innlærarane og analyse av innlærarspråk har også ein sentral plass i emnet. Vidare tar emnet opp didaktiske aspekt knytt til rammevilkår for andrespråksundervisning, der elevens fleirspråklege situasjon er eit viktig utgangspunkt. Emnet tar for seg korleis andrespråksundervisninga vert implementert for ulike målgrupper, ulike føremål og ulike skuleslag, med vekt på opplæringssituasjonen i Noreg. Her kjem ein inn både på ulike modellar for undervisningsorganisering og grunnleggande undervisningsmetodiske prinsipp (praktisk metodikk fell utanfor).

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Ein student som har gjennomført emnet, skal ha følgande læringsutbyte:

Kunnskap:

Studenten

  • har innsikt i kva som karakteriserer innlærarsprÃ¥k
  • har innsikt i ulike teoretiske tilnærmingar til andresprÃ¥kslæring
  • har innsikt i andresprÃ¥kdidaktiske spørsmÃ¥l
  • har innsikt i fleirsprÃ¥klegheit i eit opplæringsperspektiv

Dugleik:

Studenten

  • kan analysere innlærarsprÃ¥k
  • kan gjere greie for ulike teoretiske tilnærmingar til andresprÃ¥kslæring
  • kan reflektere over val av innfallsvinkel i andresprÃ¥ksundervisninga
  • kan reflektere over andresprÃ¥kslæring og andresprÃ¥ksundervisning i lys av innlæraren sin fleirsprÃ¥klege situasjon
  • kan kritisk analysere og drøfte retningslinjer og styringsdokument som gjeld sprÃ¥kopplæring for elevar med norsk som andresprÃ¥k

Generell kompetanse:

Studenten

  • har tileigna seg eit sprÃ¥klæringsteoretisk og didaktisk kunnskapsgrunnlag for Ã¥ kunne undervise i norsk som andresprÃ¥k og vurdere undervisningstilbod for andresprÃ¥kslæring pÃ¥ ein reflektert, sjølvstendig og medviten mÃ¥te

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

³ÕÃ¥°ù. GÃ¥r ogsÃ¥ hausten 2025.

Undervisningssted

Bergen.
Krav til forkunnskaper
Ingen.
Anbefalte forkunnskaper
Studiet føreset norskkunnskapar tilsvarande minimum C1-nivå.
Studiepoengsreduksjon
NORAN104-F, NORAN603 og NORAN604, NORAN204-L, NORAN124 og det tidlegare emnet NORAN251-L har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningstype og -mengd:

Undervisninga har form av førelesingar med innslag av seminar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å levere to skriftlege arbeid (ei oppgåve på nynorsk og ei oppgåve på bokmål) innan fastsett frist. Det eine skriftlege arbeidet skal vere på omlag 1000 ord og det andre skal vere på om lag 1500 ord. Studenten skriv bokmål eller nynorsk etter eige val. Ei oppgåve som ikkje tilfredsstiller faglege og språklege minimumskrav, må leverast på nytt. Ved andre gongs levering må minimumskrava vere tilfredsstilte for at den obligatoriske aktiviteten skal bli godkjend.
Vurderingsformer

Skuleeksamen på 6 timar. Studenten skriv bokmål eller nynorsk etter eige val.

Ved fastsettinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.

Karakterskala
Karakterskala A - F.
Vurderingssemester

³ÕÃ¥°ù. Det er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Ordinær eksamen hausten 2025.

Litteraturliste

Pensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad. Den emneansvarlege fastset pensum i samråd med fagmiljøet. Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember.

Studentane skal også ha kjennskap til gjeldande læreplanar og aktuelle retningslinjer knytte til desse.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.
Programansvarlig
Programstyret for nordisk
Emneansvarlig
Programstyret for nordisk.
Administrativt ansvarlig
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium