Nevroestetikk
³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust, VÃ¥r
- Emnekode
- NEU201
- Talet på semester
- 1
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Norsk eller engelsk
- Ressursar
-
Emnebeskrivelse
MÃ¥l og innhold
²ÑÃ¥±ô:
Emnet har som mål å gi brei innsikt i nevroestetikk, illustrert gjennom eit utval av særleg sentrale og nyare vitskaplege arbeid innan dette feltet. Grunnleggjande syns-fysiologi i persepsjon av form og farge står også sentralt. Eit anna mål er å tydeleggjere korleis moderne hjerneforsking kan vere ein reiskap til å forstå kreative mekanismar i paleoart.
Innhald:
Nevroestetikk ligg i skjeringspunktet mellom kognitiv psykologi, nevrobiologi og kunst. I nevroestetikk nyttar ein metodar primært frå kognitiv psykologi i studiar av korleis hjernen reagerer på estetiske stimuli. Studiet tek opp tema som
*nevronal aktivering som svar på estetiske stimuli
*metode: ulike typar hjernescanning
*synets fysiologi
*estetikk og kognisjon i eit evolusjonistisk perspektiv
³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ..
* Har grunnleggjande kunnskapar om korleis estetiske stimuli aktiverer særskilde strukturar i hjernen og korleis kognitive og affektive faktorar interagerer i estetisk persepsjon.
*Er i stand til å forstå val av metode og eksperimentoppsett (paradigme) ut frå sentrale spørsmål som vert reist i den einskilde studien.
* Har innsikt i teoriar omkring estetikk i eit evolusjonistisk perspektiv.
Ferdigheiter
Studenten ..
*Kan grunnleggjande nevroanatomi og fysiologi.
*Kan forstå prinsippa for korleis ein bygger opp ein f-MRI studie ved hjelp av kognitiv subtraksjon.
*Kan tolke f-MRI bilete ved å identifisere Brodmann- område som vert aktiverte, og forstå endringane i aktivering frå situasjon a til situasjon b.
Generell kompetanse
Studenten ..
*kan nytta fagområdet sine uttrykksformer i sjølvstendig arbeid med sentrale faglege problemstillingar.
*har grunnleggjande forståing av naturvitskapleg tenking og metodikk: den hypotetisk- deduktive metode.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar på om lag 14-16 dobbelttimar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningslinjer for dette pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´. PÃ¥ emne der dette kan vere aktuelt, vil studentane bli informert om dette ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar/1. september.