ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Kvalitetssikring av kjemiske analysar

Masteremne

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Det primære målet med kurset er å gjøre studentane i stand til å utvikle kvalitetssikra analytiske metodar eigna for føremålet. Studentane skal og kunne vurdere kvaliteten på analyseresultat og analytiske metodar basert på eigne vurderingar om den analytiske metoden og kvaltetssikringsdata. I tillegg får studentane anvendt det dei har lært ved å utarbeide ein valideerings-/verifiseringsplan og gjennomføre typiske trinn i ei kjemisk analyse, som prøvetaking, prøveopparbeiding, instrumentell analyse og rapportering, slik at ein skal forstå korleis kvart enkelt trinn bidrar til uvisse i det endelege resultatet. Studentane vil få innsikt i validering og kvalitetssikring av kjemiske analysemetodar samt sporevne og uvisse av analyseresultat. Laboratorieøvingane brukar moderne analytisk instrumentering og blir gjennomført på eit akkreditert analyselaboratorium.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avsluttande emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan samanlikne kvalitetsinfrastrukturen nasjonalt, regionalt og internasjonalt og forstÃ¥ korleis dei like delane samverkar
  • kan forklare korleis standardar, metrologi, akkreditering, samsvarsvurdering og tekniske reguleringar samverkar med analytisk arbeid pÃ¥ kjemiske analyselaboratorium
  • kan anvende prinsippa for validering og verifisering av kjemiske analysemetodar samt evaluere sporevne og uvisse i analyseresultat
  • kan analsere og forklare korleis typiske trinn i ei kjemisk analyse, som prøvetaking, prøveopparbeiding, instrumentell analyse, og rapportering bidrar til uvisse i det endelege resultatet
  • kan forklare viktige rutinar i eit moderne akkreditert analyselaboratorium

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utarbeide, planlegge og gjennomføra ei plan for verifisering og validering for Ã¥ kunne vurdere om ein metode er eigna for føremÃ¥let
  • kan vurdere kvaliteten til eit analyseresultat basert pÃ¥ kunnskap om den analytiske metoden og kvalitetssikringsdata
  • kan anvende venlege metodar for kvalitetssikring av kjemiske analysar
  • kan anvende vanlege metodar for prøveopparbeiding av biologisk materiale og utvalt moderne laboratorieutstyr og instrumentering for kjemisk analyse

Generell kompetanse

Studenten

  • forstÃ¥r overordna prinsipp for kvalitetssikring og korleis prinsippa kan overførast og brukast i andre kontekstar
  • kan anvende grunnleggjande statistiske metodar
  • kan planlegge og utføre nøyaktig arbeid pÃ¥ laboratoriet og skapar samarbeid pÃ¥ laboratoriet
  • kan skape gode laboratorierutinar, med særleg vekt pÃ¥ tryggleik og sikring av analysekvalitet i eit laboratorium
  • kan anvende moderne laboratorieutstyr og instrumentering for kjemsik analyse

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Masterstudentar har fyrsteprioritet på emnet.

Undervisningssted

Havforskningsinstituttet.
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
BIO306 (10 stp)
Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram ved fakultet for naturvitskap og teknologi eller ph.d.-utdanninga.

Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av førelesningar, laboratorieøvingar og andre oppgåver.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Obligatorisk deltaking pÃ¥ første førelesning.
  • Laboratoriekurs og skriftlege innleveringar. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i fem pÃ¥følgande semester.
  • Godkjent HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjent HMS-kurs ved Kjemisk Institutt, ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ frÃ¥ tidlegare, mÃ¥ kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset pÃ¥ adresse:
  • Grove brot pÃ¥ HMS-reglar vil føre til at ein misser retten til Ã¥ fullføre laboratoriekurset.
  • Det er ikkje høve til Ã¥ nytte meir enn 3 forsøk (semester) pÃ¥ Ã¥ gjennomføre laboratoriekurset.
Vurderingsformer

Munnleg eksamen utgjer 100% av karakteren.

Obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar og obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart vårsemester.
Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidlegare emneevalueringar:

Hjelpemiddel til eksamen
Ingen.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.