ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Strukturell Molekylærbiologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

²ÑÃ¥±ô:

Kurset tar sikte på å gi studentane kunnskap om forholdet mellom biomakromolekylers struktur og deira funksjon, og ferdigheitar for å løyse relevante problemstillingar. Studentane skal lære korleis ein løyser strukturer, korleis ein analysere disse, og korleis ein forstår deira biologiske- og biomolekylære eigenskapar. Det vil bli lagt vekt på korleis fleire biomakromolekyler dannar større kompleks, og korleis desse gjer opphav til eigenskapar som er viktige for celler og organismar. Å utvikle studentar sine evne til å løyse problem i strukturbiologi på eit avansert nivå er eit viktig mål i kurset.

Innhald:

Kursets primære biomolekylære fokus er protein. Andre biomolekyler og kompleks av biomolekyl vil generelt berre bli diskutert i forbindelse med deira forhold til protein. Tema som vil bli dekket inkluderer korleis aminosyrer blir organisert i primær-, sekundær-, tertiær- og høgareordensstruktur og kompleks, og korleis funksjonelle proteineigenskapar deretter dukkar opp som følgje av dette. Kurset vil tilby introduksjonar i relevant metodikk, spesielt korleis ein løyser og utforskar proteinstruktur eksperimentelt og ved rekneteknikkar. Det legg til grunn forkunnskapar i grunnleggande proteinkjemi, cellebiologi og biokjemi, samt bruk av av multiple sequence alignments. Kurset vil bygge på konsept som allereie er introdusert tidlegare, inkludert proteinfolding, allosteri, katalyse og enzymologi, ligand- og effektorbinding, posttranslasjonelle modifikasjonar og molekylær signalisering. Eit viktig aspekt av kurset vil være korleis alle disse fenomena regulerer proteinfunksjon. Kurset vil også diskutere det strukturelle og biokjemiske grunnlaget for molekylær signalisering, samt enzymfunksjon frå et strukturelt, kinetisk og termodynamisk perspektiv. Proteinevolusjon frå eit sekvens- og strukturperspektiv vil bli dekket, samt et spektrum av molekylære emne innan protein-ligand interaksjon, proteinfolding og danning av makromolekylære strukturar. Metodar, spesielt dei som er nytta til å løyse og analysere struktur, folding og bindingsåtferd, vil bli introdusert og diskutert med syne på å forbetre studentens evne til å planlegge kordan dei skal nærme seg og løyse praktiske og teoretiske problem innan strukturell og molekylær biologi.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Etter avlagt kurs skal studenten ha følgande læringsutbytte definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten kan forklare i detalj om

  • krefter og effektar som fører til at proteinstruktur dannast, og de forskjellige nivÃ¥a av proteinstruktur, frÃ¥ aminosyrenivÃ¥et til større, kvartære kompleks
  • korleis et protein bruker sin strukturelle organisasjon for Ã¥ oppnÃ¥ eigenskapar som ikkje førekomer i individuelle komponentar av proteinet
  • proteinklassifisering etter struktur og funksjon
  • korleis disse eigenskapane understøtter funksjonen pÃ¥ molekylært nivÃ¥ i en levende organisme
  • korleis enzym oppnÃ¥r sine spesielle eigeskapar
  • korleis disse proteinfunksjonane styres av modifikasjon, lokalisering og effektorinteraksjonar
  • Massespektrometri, Cryo-EM, NMR, røntgendiffraksjon og berekningsteknikkar for Ã¥ bestemme proteinstrukturen pÃ¥ fleire organiseringsnivÃ¥
  • I tillegg til metodane over: CD, fluorescens, og andre relevante metodar for Ã¥ studere proteinfold, stabilitet, binding og funksjon
  • korleis evolusjon verker pÃ¥ proteins primærsekvens, struktur og funksjon

Ferdigheiter

Studenten er i stand til å

  • analysere struktur-funksjonsforhold nÃ¥r dei blir presentert med biologisk og strukturell informasjon
  • forklare (munnleg og skriftleg) korleis emne skissert ovanfor verker samen i celleprosesser, her under signaltransduksjon, endo/eksocytose, cellemotilitet og genregulering
  • velgje riktig metodikk for Ã¥ svare pÃ¥ enkle (og kanskje ogsÃ¥ vanskelege) spørsmÃ¥l relevant for eit gitt problem innan strukturbiologi og molekylærbiologi
  • bruke informasjon frÃ¥ metodar som er relevante for emnet til Ã¥ løyse problem relatert til proteina sine struktur og funksjon
  • orientere seg i den romlege og tidsmessige skalaen som er forbundet med makromolekylær funksjon (altsÃ¥ grovt sett Ã…ngstrøm til nanometer, picosekund-til-millisekund)
  • løyse teoretiske oppgÃ¥ver knytta til tema som er diskutert i kurset
  • bruke PyMol, et program for Ã¥ jobbe med proteinstrukturer, pÃ¥ nybegynnernivÃ¥
  • arbeide i en gruppe for Ã¥ lage ei (obligatorisk) skriftleg oppgÃ¥ve om eit emnerelevant tema gruppene vel frÃ¥ ei liste av oppgÃ¥ver. Dei mÃ¥ ogsÃ¥ gje konstruktiv vurderingar og tilbakemeldingar pÃ¥ andre grupper sine oppgÃ¥ver. OppgÃ¥vene mÃ¥ holde et godt nivÃ¥ (studentanes innsikt, klarheit i presentasjonen og riktig bruk av terminologi er somme av kriteria).

Generell kompetanse

Studenten har

  • evne til Ã¥ sette omgrep diskutert i emne i ein breiare biologisk og kjemisk kontekst, og dessutan trekkje sine eigne konklusjonar uavhengig av eksisterande materiale
  • løyse problemer innan strukturbiologi pÃ¥ eit avansert nivÃ¥
  • forstÃ¥tt korleis bestemt protein oppnÃ¥r sine spesifikke og unike eigenskapar
  • evne til Ã¥ formidle kvalitative og kvantitative aspektar av strukturell molekylærbiologi, munnleg og skriftleg, med bÃ¥de spesialistar og ikkje-spesialistar som mÃ¥lgruppe
  • evne til Ã¥ navigere, forstÃ¥ og nytte seg av proteinklassifisering, innhald i The Protein Databank og UniProt for vitskapelege kommunikasjon (dvs. den skriftlege oppgÃ¥va)
  • bruke vitskapelege kjeldar og verktøy for Ã¥ løyse problem innan strukturbiologi

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

³ÕÃ¥°ù.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved NT-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte pÃ¥ første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere Ã¥ miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte pÃ¥ første forelesing/orienteringsmøtet mÃ¥ du kontakte studieseksjonen pÃ¥ e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Bachelorgrad i molekylærbiologi, biologi eller kjemi. Utdanningar med tilsvarande vekt og et biomolekylært fokus kan vurderast. Uavhengig av eksakt bakgrunn er god kunnskap innan aminosyrebiokjemi, proteinkjemi, cellebiologi, multiple sequence alignements, samt kjennskap til generell og organisk kjemi eit krav.
Anbefalte forkunnskaper
Generell god bakgrunn i organisk kjemi og molekylærbiologi.
Studiepoengsreduksjon
MOL305: 15 studiepoeng
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram eller PhD-utdanninga ved Fakultet for naturvitskap og teknologi samt at du oppfyller forkunnskapskrava. Studentar ved masterprogrammet i molekylærbiologi har fortrinnsrett til emnet.
Arbeids- og undervisningsformer
Ein introduksjon/informasjonsforelesing (2x45 min) og 12 samlingar (2x 45 min). Av desse er sju workshops eller workshops i kombinasjon med problemløysing eller korte forelesningar, to er "flipped-classrooms" med påfølgande problemløysing eller annan aktivitet, og resten er vanlege forelesningar. I tillegg kjem fire kollokvium/utvida øvingar (kvar 2x45 min), og ein spørjetimar. Ein viktig og obligatorisk del av kurset dreier seg om utarbeiding av ei skriftleg oppgåve (ca. 10 sider) i samarbeid med andre studentar, og fagfellevurderingar tilordna kvar student og leidde av kursansvarleg. Det leggast også opp til sjølvstendig arbeid mellom samlingane.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte til:

  • Første/forelesning/orienteringsmøte angÃ¥ande arbeidsformer og skriftleg oppgÃ¥ve
  • Workshop angÃ¥ande aminosyrer og ikkje-kovalente bindingar
  • Workshop angÃ¥ande AlphaFold.

Gjennomføring av skriftleg gruppearbeid, samt godkjent deltaking i studentfagfellevurdering av andre grupper sine arbeid. Gjennomførte aktivitetar er gyldig i seks semester (undervisningssemesteret og dei fem påfølgande semestera). All obligatorisk aktivitet/oppmøte må vere godkjend før ein kan ta eksamen.

Vurderingsformer

Mappevurdering med skriftleg eksamen beståande av:

  • Obligatorisk skriftleg arbeid (10%)
  • Underveisvurdering (milestone checks): ein for kvar av dei tre modulane, samt ein for kursets bakgrunnsmateriale (4x 5% = 20%)
  • Digital skriftleg skuleeksamen 3t (70%)

Alle mappe elementa må være bestått for å få karakter i mappa.

Studentar som tar opp igjen emnet i undervisningssemesteret (vår):

Studentar med godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet frå tidlegare semester må gjennomføre mappeelementa på nytt.

Studentar som tar opp igjen emnet i semester utan undervisning (haust)

Studentar med godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet kan ta eksamen og resultatet frå resten av mappa vert vidareført.

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
 Studentane skal evaluere undervisninga i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator tillat, i samsvar med fakultetets regler.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Øyvind Halskau
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.