ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Laboratorieprosjekt i molekylærbiologi

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Emnet Laboratorieprosjekt i molekylærbiologi består av å gjennomføra eit avgrensa forskingsprosjekt i rettleiar si forskingsgruppe. Hovudmålet er å læra korleis ein bruker molekylærbiologiske metodar i samanheng med eit forskingsprosjekt. Studenten vil få ein kortfatta introduksjon til hovedforskingsprosjektet, metodane som nyttast, og til dei strategiske vala for å belysa eit spesifikt utval av forskingsspørsmål, mellom anna ved å lesa originale forskingsartiklar. Innhaldet i prosjektet vert definert av rettleiar, men vil alltid inkludera metodar som er svært relevante for forsking innan molekylærbiologi. Omfanget av emnet er bestemt av studiepoeng, og skal tilsvara rundt 250 timar. Dette inkluderer laboratoriearbeid (ca 200 timar), resultatanalyse, føring av laboratoriejournal, forelesingar, litteraturlesing, utarbeiding og presentasjon av poster. Studentane bør kunne starta prosjektarbeidet i løpet av andre veka i semesteret, slik at prosjektet er fullført før eksamenslesinga i andre emne startar. Starttidspunkt kan likevel variera grunna andre plikter til rettleiar.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan forklare prinsippa bak dei ulike forsøka som inngÃ¥r i prosjektet
  • kjenner til relevante reglar for tryggleik i laboratoriet bÃ¥de for personale og miljø

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utføre, analysere og tolke eigne molekylærbiologiske funn
  • kan føre ein detaljert og nøyaktig laboratoriejournal
  • kan presentere resultat og analysere funn frÃ¥ prosjektoppgÃ¥ve
  • leser relevant faglitteratur

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre eit forskingsprosjekt

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust og vår, avhengig av antal tilgjengelege rettleiarar og prosjekt.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved NT-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33 i haustsemesteret og onsdag i veke 2 i vårsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte pÃ¥ første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere Ã¥ miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte pÃ¥ første forelesing/orienteringsmøtet mÃ¥ du kontakte studieseksjonen pÃ¥ e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.

For å fullføra emnet må studenten gjennomføra eit prosjekt med ein av dei vitskaplege tilsette som foreslår eit prosjekt. Tilgjengelege prosjekt vil bli presentert på orienteringsmøtet.

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
MOL100, KJEM110, MOL102 og MOL222. Basal kunnskap i molekylærbiologi og kjemi, særleg viktig er erfaring frå laboratoriearbeid innan molekylærbiologi og kjemi. Emnet høver best i 5. eller 6. semester av bachelorgraden.
Anbefalte forkunnskaper
MOL201, MOL103 (MOL203) og KJEM130.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Institutt for biovitenskap og at du oppfyller forkunnskapskrava.

Dersom emnet vert fullt, vert studentar som har fullført dei obligatoriske emna i graden prioritert. 

Arbeids- og undervisningsformer
  • 4x forelesingar (Infomøter om generelle aspekt ved emnet, om laboratoriejournalføring og om poster-laging-instruksjon. Ei forelesing kor studentane øver seg pÃ¥ den munnlege presentasjonen)
  • Prosjektarbeid under rettleiing av vitskapleg personale som gir prosjektet
  • Presentasjon av utført arbeid
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal gjennomføra følgjande aktivitetar:

  • Delta pÃ¥ alle 4 infomøta.
  • Lesa, signera og levera ein student-/rettleiaravtale.
  • Gjennomføre prosjektet,registrere og send inn timar som er brukt for Ã¥ gjennomføra emnet og i samsvar med talet pÃ¥ studiepoeng.
  • Registrere eksperimentelle detaljar i ein laboratoriejournal. Laboratoriejournalen vert levert til rettleiar for kommentarar. Laboratoriejournal og kommentarar frÃ¥ rettleiar blir sendt til emneansvarleg for sluttevaluering. Det er pÃ¥krevd at labjournalen er ført nøyaktig og at denne dagleg har vore oppdatert pÃ¥ laboratorie. Journalar vil bli oppbevart av emneansvarleg til slutten av semesteret og vil deretter bli gitt til rettleiarar. Studentane fÃ¥r tilgang til kopiar av journalen.
  • Presentere arbeidet munnleg
  • Deltaking pÃ¥ postersymposiet. 

Gjennomførte aktivitetar er berre gyldige i inneværande semester.

All obligatorisk aktivitet må vere godkjend før ein kan få vurdering i emnet.

Vurderingsformer

Ein poster som oppsummerer resultata frå forskingsprosjektet og som vil verte presentert på postersymposiet.

Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emna og studieprogrammet.