±á´Ç±¹³Ü»å´Ç±è±è²µÃ¥±¹±ð
Masteremne
- Studiepoeng
- 20
- Emnekode
- MEDOPPG
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Norsk
- Ressursar
Emnebeskrivelse
MÃ¥l og innhold
³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð
Etter godkjend hovudoppgåve har studenten mellom anna følgjande kompetanse:
Kunnskapar
Studenten veit
- kva som kjenneteiknar vitskapleg tenkemåte og metode
- kva som kjenneteiknar innovasjon og entreprenørskap og metodar som ligg til grunn.
- kva etiske reglar som gjeld ved arbeid med forsking og innovasjon, m.a. med omsyn til personvern
- korleis ein vitskapleg artikkel skal vere oppbygd
Ferdigheter
Studenten er i stand til å
- finne fram til, fordjupe seg i og analysere vitskapleg litteratur
- vurdere om ein artikkel oppfyller grunnleggjande vitskaplege krav
- velje passande metodar for å løyse oppgåvene som ligg i deira hovudoppgåve
- arbeide sjølvstendig under sakkyndig rettleiing
- formidle anna og eige vitskaplege eller innovative arbeid skriftleg og munnleg på ein lettfatteleg og presis måte
- arbeide med dei metodane som trengs for å drive forsking, forskingsformidling, entreprenørskap eller tenesteinnovasjon.
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere over rolla til forsking og innovasjon i produksjon av kunnskap, og kva relevans det har for klinisk praksis
- viser ei ansvarleg haldning når det gjeld etikk og reieleg framferd i forsking og innovasjonsarbeid
- viser ei kritisk, men positiv haldning til forskingsresultat, og har eventuelt ei forståing av når og korleis forskingsresultat kan utviklast vidare til innovative løysingar.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Arbeidet med hovudoppgåva byggjer på fleire element i medisinstudiet som høyrer til Akademisk søyle: statistikk, epidemiologi, litteratursøking og lesing, forskingsetikk og publikasjonsetikk. Det vert òg gjeve eit seminar i 6. semester med relevante tema for arbeidet med hovudoppgåva.
Arbeidet med hovudoppgåva skal skje under rettleiing, og det skal skrivast kontrakt med rettleiaren om arbeidet og om tema for oppgåva før arbeidet starter.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Det skal leverast ei prosjektskildring innan fastsett frist i 8. semester. Denne skal godkjennast.
- Oppgåva skal presenterast i eit relevant fagleg forum, og presentasjonen skal godkjennast av rettleiar.
- Oppgåva skal kunne presenterast i eit felles arrangement ved slutten av 10. semester.
Vurderingsformer
Oppgåva skal vurderast av ein intern sensor. Det ligg føre rettleiing for sensur.
Du kan skrive oppgåva på norsk og/eller engelsk.