ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Sjuande semester medisinstudiet

Masteremne

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Emnet for 7. semester gir studentane inngåande kunnskap om sjukdom og skade innanfor fagområda nevrologi, nevrokirurgi, psykiatri, barne- og ungdomspsykiatri, auge og øyre-nase-hals. Det blir undervist i generell undersøkingsteknikk knytt til fagområda, og det blir lagt vekt på tydinga av symptombasert diagnostikk og oppstart av behandling.

Studentane skal også 3 veker voksen- og 1 veke barne- og ungdomspsykiatriutplassering. Studentane skal då følgje pasientar frå innkomst og gjennom opphaldet eller eventuelt polikliniske konsultasjonar. Dei skal også vere med når pasienten blir undersøkt og behandla, og når lege har samtale med pasienten.

Integrert i emnet ligg også oppstartseminar for særoppgåve og utarbeiding av prosjektskildring for denne.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Etter gjennomført semester har studenten kunnskap om:

  • Symptom og funn, diagnostikk og behandling av dei viktigaste sjukdommane og skadane innanfor fagomrÃ¥da nevrologi, nevrokirurgi, psykiatri, barne- og ungdomspsykiatri, auge og øyre-nase-hals.
  • Symptom og funn knytt til nevrologi, nevrokirurgi, psykiatri, barne- og ungdomspsykiatri, auge og øyre-nase-hals som kan vere ein del av indremedisinske eller kirurgiske sjukdommar.
  • Allmennmedisinske, indremedisinske eller kirurgiske sjukdommar som ofte kan føre til symptom og sjukdom knytt til fagomrÃ¥da nevrologi, nevrokirurgi, psykiatri, barne- og ungdomspsykiatri, auge og øyre-nase-hals.
  • Kva slags pasientar som kan behandlast utanfor sjukehus og kva for nokre pasientar som skal visast vidare til spesialisthelsetenesta.
  • Spesialundersøkingar og prosedyrar knytt til diagnostikk og behandling av dei viktigaste sjukdommane og skadane innanfor fagomrÃ¥da nevrologi, nevrokirurgi, psykiatri, barne- og ungdomspsykiatri, auge og øyre-nase-hals.
  • Verknadsmekanismar og aktuelle lokale og generelle biverknader av dei vanlegaste medikamenta som blir brukt ved behandling av dei viktigaste sjukdommane og skadane innanfor fagomrÃ¥da nevrologi, nevrokirurgi, psykiatri, barne- og ungdomspsykiatri, auge og øyre-nase-hals.
  • Lovverket og i særleg grad det Ã¥ meistre den delen som regulerer Ã¥tgang til tvangsundersøking og innlegging.

Ferdigheiter

Etter gjennomført semester kan studenten:

  • Utføre mÃ¥lretta anamneseopptak og fullstendig klinisk undersøking for Ã¥ kunne vurdere sjukdom innanfor fagomrÃ¥da nevrologi, nevrokirurgi, psykiatri, barne- og ungdomspsykiatri, auge og øyre-nase-hals.
  • Diagnostisere og behandle vanlege sjukdommar og skadar innanfor fagomrÃ¥da nevrologi, nevrokirurgi, psykiatri, barne- og ungdomspsykiatri, auge og øyre-nase-hals.

Generell kompetanse

Etter gjennomført semester skal studenten:

  • Ha innsikt i, og kunne forholde seg pÃ¥ ein fagleg korrekt og empatisk mÃ¥te til menneske med sjukdom innanfor fagomrÃ¥da nevrologi, nevrokirurgi, psykiatri, barne- og ungdomspsykiatri, auge og øyre-nase-hals.
  • Ha innsikt i, og kunne forstÃ¥ den praktiske tydinga av dei ulike symptoma og utfalla knytt til sjukdom innanfor fagomrÃ¥da nevrologi, nevrokirurgi, psykiatri, barne- og ungdomspsykiatri, auge og øyre-nase-hals.
  • Ha innsikt i korleis det er Ã¥ leve med ein sjukdom innanfor fagomrÃ¥da nevrologi, nevrokirurgi, psykiatri, barne- og ungdomspsykiatri, auge og øyre-nase-hals.
  • Innsikt i etiske problemstillingar knytt til diagnostikk, og behandling av pasientar med alvorlege sjukdommar innanfor fagomrÃ¥da nevrologi, nevrokirurgi, psykatri, barne- og ungdomspsykiatri, auge og øyre-nase-hals.
  • Ha innsikt i og kunne utvikle haldningar som skapar kontakt, tryggleik og tillit i lege-pasient forholdet.
  • Ha innsikt i organiseringa av helsevesenet og kunne utvikle gode samarbeidsrelasjonar til andre yrkesgrupper.
  • Ha innsikt i pasientrettigheiter.
  • Ha innsikt i verdien av dokumentasjon og behovet for grunngjeving av avvik frÃ¥ vanleg praksis.

Undervisningssemester

Haust og vår

Krav til forkunnskaper
¹ó³Ü±ô±ô´Úø°ù³Ù MED6
Krav til studierett
Medisinstudiet
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisinga blir gitt i form av førelesningar, pasientdemonstrasjonar, TBL, gruppeundervising med innøving av undersøkingsteknikk og undersøking av pasientar. Ein føreset stor eigenaktivitet frå studentane si side når det gjeld å utøve undersøkingsteknikk på kvarandre.

Fagleg informasjon via Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´/e-post.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking pÃ¥ praktiske kurs og øvelser
  • Deltaking pÃ¥ uketeneste og praksis.
  • Deltaking pÃ¥ pasientdemonstrasjonar
  • Deltaking pÃ¥ teambasert læring (TBL)
  • Deltaking pÃ¥ gruppeundervising

Obligatoriske arbeidskrav undervegs i semesteret må vere godkjent for å få gå opp til semestereksamen.

Dersom praksisperioden er vurdert til "ikkje godkjent"/ "ikkje bestÃ¥tt", mÃ¥ heile praksisperioden bli gjennomførd pÃ¥ nytt. FÃ¥r ein student vurdert same praksisperiode til "ikkje godkjent"/ "ikkje bestÃ¥tt" to gonger, vert studieretten inndregen, jf. Det medisinske fakultet sitt utfyllande reglement til ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sin forskrift § 8-1 (3).

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgande vurderingsformer:

  • Digital skriftleg eksamen (6 timar) med spørsmÃ¥l frÃ¥ alle tema for 7. semester.
  • Munnleg/praktisk eksamen (kvar student skal opp i eitt av fire hovudtema: enten nevrologi, psykiatri, øyre-nase-hals eller auge).

Dersom ein stryk på éin av delane, treng ein ikkje ta begge delane på nytt.

Karakterskala

A-F

Frå studieåret 2025/2026: Bestått/ ikkje bestått.

For kontinuasjonseksamen vår 2025: A-F.

Vurderingssemester
Haust og vår
Emneevaluering
I studieplanen Medisin 2015 skal emna evaluerast ved bruk av referansegrupper i kombinasjon med skriftleg evaluering.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel tospråkleg ordbok som må vere kontrollerbar, dvs. at det eine språket må vere engelsk eller et skandinavisk språk.