ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Kognitivt mangfald på tvers av kultur, språk og tid

Masteremne

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Grunnleggande kognitive funksjoner som persepsjon, kategorisering, orientering og tenking står fram som nettopp det: grunnleggande for alle. Men er dei det? Dette emnet gir innsikt i:

  • i kva grad kunnskap og kognitive ferdigheiter er avhengige av oppvekst i eit samfunn rikt pÃ¥ sosiale interaksjonar og konvensjonar
  • pÃ¥ kva mÃ¥te kognitive konsepter og prosesser er prega av sprÃ¥k og kultur
  • og korleis kognitive aktivitetar og verktøy har blitt forma - og fortsatt formast - i samevolusjon med nettopp sprÃ¥k og kultur

For å belyse faktorar som påverkar menneskeleg kognisjon tar kurset ein tverrfagleg tilnærming til både korleis vi forstår fundamentale kognitive domener (som rom, tid og kausalitet) og korleis vi handlar i meir komplekse situasjonar og overfor naturen og miljøet. Desse innsiktene er svært relevante overalt der menneskjer vurderer omverden og tek avgjerder, både i sine daglege liv og i store internasjonale samanheng. I kurset vil vi difor også diskutere kva for konsekvensar kognitivt mangfald kan ha for å takle nokre av dei store utfordringane samfunnet står ovanfor.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Kunnskapar

Studenten

  • forstÃ¥r grunnlaget for Ã¥ forske pÃ¥ fenomen knytt til kognitivt mangfald pÃ¥ tvers av kulturar, sprÃ¥k og tid
  • har greie pÃ¥ og bruker forstÃ¥ingsrammer for kognitiv representasjon og handsaming, for korleis kultur og sprÃ¥k verkar pÃ¥ menneskeleg kognisjon og for korleis det ble forma gjennom menneskeleg evolusjon
  • har kjennskap til metodar som blir brukt for Ã¥ mÃ¥le og kartleggje fenomen knytt til kognitivt mangfald pÃ¥ tvers av kulturar, sprÃ¥k og tid

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan reflektere over forskingsproblem innanfor kognitiv psykologi
  • kan utvikle og vurdere forskingsdesign for Ã¥ belyse fenomen knytt til kognitivt mangfald pÃ¥ tvers av kulturar, sprÃ¥k og tid
  • kan reflektere over og drøfte ulike perspektiv pÃ¥ kognitivt mangfald og vere i stand til Ã¥ vurdere forskingsarbeid som er gjort pÃ¥ omrÃ¥det

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan bidra til nytenking innan forsking pÃ¥ menneskeleg kognisjon og kan kommunisere forskingsfunn for eit akademisk publikum

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen krav ut over opptak på masterprogrammet
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ikkje aktuelt
Krav til studierett
Oppmelding til emnet krev studierett ved masterprogrammet i psykologi. Studentar ved andre masterprogram og utvekslingsstudentar på masternivå kan også søke om å ta emnet.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil bli gjeven i form av førelesingar og seminar.

Seminara vil innebere utdjuping av nyttingsområder og diskusjon.


Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Emnet blir vurdert som bestått eller ikkje-bestått basert på ei mappe-vurdering av 3 innleverte oppgåver. Eksamen kan bli besvart på engelsk eller norsk (bokmål/nynorsk).
Karakterskala
Bestått /Ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i trÃ¥d med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Institutt for samfunnspsykologi
Emneansvarlig
Institutt for samfunnspsykologi
Administrativt ansvarlig

Det psykologiske fakultet