ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Datalingvistiske modellar og bruksområde

Masteremne

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Innhaldet i kurset vil variere noko over tid, men vil handle om teoriar og metodar frå kunstig intelligens for utvikling av språklege modellar og bruksområde. Aktuelle emne innan modellering er t.d. maskinlæring og klassifiseringsalgoritmar på grunnlag av regelinduksjon, nevrale nettverk, næraste nabo, osb. Eksempel på språkteknologiske bruksområde er grensesnitt mellom menneske og maskin, maskinomsetjing, korrekturlesing, informasjonssøking i tekst og informasjonsteknologiske hjelpemiddel for funksjonshemma.

Dette emnet eignar seg også for studentar i t.d. informasjonsvitskap og digital humaniora.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Kunnskapar

Kandidaten kan ...

  • gjengi prinsipp og metodar for modellering pÃ¥ lingvistiske kategoriar og sprÃ¥kprosessar
  • gjengi prinsipp og metodar for digital prosessering av naturlige sprÃ¥k

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • bygge og teste modellar for sprÃ¥kprosessar og applikasjonar, basert pÃ¥ sprÃ¥klege data og eksisterande algoritmar

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

  • rapportere om ein modelleringseksperiment, inkl. oppsett, innhenting av data, val av verktyg, produksjon av resultater, tolkning og konklusjon
  • kritisk vurdere nytten av modellar for innsikt i menneskeleg sprÃ¥kprosessering og for praktiske applikasjonar i samfunnet

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
-
Anbefalte forkunnskaper
LING123 eller tilsvarande grunnleggjande kunnskapar og programmeringsferdigheiter blir sterkt tilrådd.
Studiepoengsreduksjon
DASP303 (15 stp), DASP304 (15 stp)
Krav til studierett
Krav om gyldig studierett pÃ¥ masternivÃ¥ ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, sjølvstendige øvingar på datamaskin og rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Rettleiing i samband med skriving av semesteroppgåva er obligatorisk, og skal minst ha omfang av eitt møte med rettleiar, som skal ha fått lese utkast til oppgåva og litteraturliste minst ein veke i forkant.

Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Rettleidd semesteroppgåve som rapporterer om ei individuell modellerings- eller programmeringsoppgåve. Oppgåva skal ha ca. 5000 ord (litteraturliste og evt. vedlegg ikkje medrekna).

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust.
Litteraturliste
Pensum består hovudsakleg av ei innføring metodane som blir nytta innan dette feltet, særleg med vekt på kognitiv modellering og maskinlæring og med tanke på bruksområde. Datamaskin brukast til øvingar.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´s kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarlig
Programstyret for språkvitskap
Emneansvarlig
Programstyret for språkvitskap
Administrativt ansvarlig
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium