ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Eksperimentell psykolingvistikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Eksperimentell psykolingvistikk testar modellar for korleis hjernen og det menneskelege kognisjonssystemet utfører persepsjon, produksjon og representasjon av språk. Kurset gjev ein introduksjon til aktuelle problemstillingar i psykolingvistikk, og gjev ei innføring i eksperimentelle forskingsmetodar (inklusive etiske omsyn ved forsking på menneske) via design og utføring av eitt eller fleire eksperiment. Føremålet med kurset er å gje eit grunnlag for vidare eksperimentelle studium innan menneskeleg språkleg persepsjon og produksjon.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Kunnskapar

Kandidaten kan...

  • gjere greie for viktige utgangspunkt, omgrep og metodar innan eksperimentell psykolingvistikk, inklusive etiske omsyn

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • setje opp og utføre enkle eksperiment, tolke resultata og formidle aktiviteten i form av ein rapport.

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

  • uttrykke seg skriftleg om eksperiment og resultat i ein rapport i APA-format
  • ha eit kritisk blikk pÃ¥ eigne og andre sine eksperiment og resultat

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
EXFAC00SK, DASPSTAT. Emnet omfattar både lingvistisk og statistisk kunnskap, og grunnleggjande forkunnskapar i desse emna blir tilrådd.
Studiepoengsreduksjon
-
Krav til studierett
Krav om gyldig studierett pÃ¥ masterprogrammet i lingvistikk ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar, og design/programmering av eit eksperiment på datamaskin, utføring av eksperimentet og statistisk analyse og interpretasjon av resultata; om lag 36 timar pr semester. Vidare blir det gjeve 1 eller 2 timar individuell rettleiing i samband med skriving av eksperimentrapporten.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´. PÃ¥ emne der dette kan verte aktuelt vil studentane fÃ¥ informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten skal delta i utforming og gjennomføring av eksperiment (enten personleg eller laboratorieverksemd) gjennom semesteret. Obligatorisk undervisningsaktivitet må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet.
Vurderingsformer

³§±ð³¾±ð²õ³Ù±ð°ù´Ç±è±è²µÃ¥±¹±ð pÃ¥ om lag 4000 ord (referansar, vedlegg mm. ikke medrekna). OppgÃ¥va skal skrivast i APA-format eller eit anna internasjonalt akseptert format for rapportar.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust. Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.
Litteraturliste
Pensum omfattar innføringslitteratur og vitskaplege artiklar innanfor eksperimentell psykolingvistikk, om lag 400 sider.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´s kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Pensum, bibliotekressursar, referansar, data og verktyg angitt av faglærer. Alle brukte hjelpemidlar bør siterast.
Programansvarlig
Programstyret for lingvistikk
Emneansvarlig
-
Administrativt ansvarlig
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium