ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Latin: Romersk poesi 2

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Emnet omfattar studium av eit utval latinske poetiske tekstar. Aeneiden av Vergil og odediktinga til Horats må vera representerte mellom desse. Dessutan skal heile Aeneiden studerast i omsetjing. Det vert òg gjeve innføring i metrikk og i gresk og romersk litteraturhistorie med særskild vekt på tekstane som vert gjennomgådde. Studentane skal i tillegg få eit kulturhistorisk oversyn over den augusteiske perioden.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Kunnskapar

Kandidaten har

  • auka kjennskap til sprÃ¥k, stil og tematikk i det som særmerker romersk poesi
  • auka kjennskap til romersk litteraturhistorie med vekt pÃ¥ poesi i den augusteiske epoke

Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • lese romersk poesi pÃ¥ eiga hand med bruk av ordbok
  • identifisere former og analysere setningar pÃ¥ latin ved hjelp av grammatikk.
  • identifisere og analysere latinsk metrikk ut frÃ¥ forfattarar pÃ¥ pensum
  • gjere greie for viktige romerske poetar og romersk mytologi

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • setje seg inn i den grammatiske strukturen i eit nytt sprÃ¥k
  • arbeide med tekstar pÃ¥ andre sprÃ¥k ved hjelp av grammatikk, ordbok, tekstkommentar o.l.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga blir normalt gitt i haustsemesteret.

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Minimum eitt av emna: LAT100, LAT102, LAT104, LAT105, LAT107.
Anbefalte forkunnskaper
Avlagt eksamen i minst 3 av latinemna på 100-nivå.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar over delar av pensumtekstane og andre moment i pensum.

26 timar (en dobbelttime i veka).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´. PÃ¥ emne der dette kan verte aktuelt vil studentane fÃ¥ informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer

Eksamen består av ei skriftleg prøve på 6 timar, med omsetjing og litterær interpretasjon av valde delar av pensumtekstane (med ordbok), og spørsmål om metrikk og andre delar av pensum.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Haust. Det er òg eksamen tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum er til saman på omlag 75 sider romersk poesi (30 liner = 1 side) lesne i kommenterte utgåver. Dessutan inngår framstellingar av romersk litteratur- og kulturhistorie med vekt på den augusteiske perioden.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ordbok. Ordboka skal vere frå latin til morsmål eller frå latin til anna valfritt språk og skal ikkje innehalde bøyingsmønster: Johanssen, Nygaard etc., Latinsk ordbok eller ordbok av tilsvarande storleik.
Programansvarlig
Programstyret for klassisk
Emneansvarlig
Fagmiljøet i klassiske fag
Administrativt ansvarlig
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium