ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Frå teori til metode

Masteremne

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Emnet presenterer ei rekke sentrale kulturteoriar som er relevante for kulturvitskap. Studentane skal sette seg inn i desse teoriane og kunne kritisk vurdere dei, og kunne greie ut om korleis dei kan nyttast i forsking. Undervisninga gir studentane grunnlag til å forstå og velge ut kulturteoriar som kan nyttast i ei rekke forskingskontekstar, og koble dei til metodar nytta i faget. Studentane vil utvikle kritiske evalueringsferdigheiter gjennom presentasjonar av og diskusjonar om kjernelesing i seminara.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Ved fullført emne skal studenten ha følgende læringsutbytte definert i form av kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har ekspertise pÃ¥ ei rekke kulturteoriar og korleis dei vert nytta metodisk.
  • kan basere vala sine pÃ¥ kulturvitskaplege tilnærmingar i arbeidet med empirisk materiale.
  • kan plassere kulturteoriar i breiare humanistiske kunnskapstradisjonar.
  • har god kunnskap om ulike fagtradisjonar i kulturvitskap.

Ferdigheiter

Studenten

  • kjenner til og kan diskutere ulike definisjonar av kultur og relaterte omgrep.
  • kan bruke kulturteori til Ã¥ analysere eit empirisk materiale.
  • kan kritisk diskutere kulturteoriar og presentere grunna vurderingar av dei, bÃ¥de skriftleg og munnleg.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan forstÃ¥ og tolke teoretiske tilnærmingar og korleis dei vert nytta i forsking.
  • kan formidle eigen kunnskap skriftleg og munnleg.

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

300-²Ô¾±±¹Ã¥

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Studentane må kunne lese pensum på skandinaviske språk og engelsk, i tillegg til norsk.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Opptak til eit masterprogram ved det humanistiske fakultet ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar eller seminar. Undervisninga går føre seg i heile semesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

PÃ¥ seminara skal kvar student presentere to tekstar pÃ¥ to ulike seminar (ein tekst pr seminar) som deretter skal diskuterast av resten av gruppa. Presentasjonen vil bestÃ¥ av ei oppsummering av tekstens sentrale teoriar og metodar, og studentens eigen kritiske analyse av teksten. Ein skriftleg versjon av kvar presentasjon (om lag 750 ord per presentasjon) skal leggjast ut i Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´. 

Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei var godkjende.

Vurderingsformer

Eitt døgns heimeeksamen (utlevering av oppgåve kl. 9 den eine dagen, innlevering av oppgåve neste dag kl. 13).

Studenten vert tildelt eit tilfeldig tal mellom 1 og 8. Talet viser til ein teori som det har vore undervist i, og talet vil avgjere temaet studentane må skrive om på heimeeksamen. Studentane skal i svaret vise til relevante tekstar i litteraturlista, og til diskusjonar i førelesingar og seminar, avslutta med eigne kritiske vurderingar av temaet. Oppgåva skal vere på om lag 1500 ord.

Karakterskala
Bestått / Ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust / vår
Litteraturliste

Litteraturlista er på om lag 1200 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle
Programansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Emneansvarlig
Administrativt ansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap