ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Bachelorprosjekt i kjemi

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Målet med emnet er å gje studenten erfaring med vitskapleg arbeid i form av planlegging, gjennomføring og munnleg og skriftleg presentasjon av resultat frå eit vitskapleg prosjekt. Dette inneber mellom anna at studenten skal kunne nytte dei ressursane som er naudsynte for å gjennomføre eit vitskapleg prosjekt, og kunne uttrykkje seg presist og vitskapleg, både skriftleg og munnleg.

Innhald

Studentane gjennomfører eit prosjekt under rettleiing frå ein vitskapleg tilsett ved Kjemisk institutt. Prosjektet inngår i instituttet sine forskingsaktivitetar eller blir utført i samarbeid med ei bedrift eller ein offentleg etat. Arbeidet kan gjennomførast sjølvstendig eller i samarbeid med andre studentar, oftast i små grupper på 2-3. Gjennom seminar og førelesingar utviklar studentane faglege og generelle ferdigheiter som er nødvendige for å planleggje, gjennomføre og rapportere resultata av eit forskingsprosjekt. Dette inkluderer bruk av bibliotektenester, skriving av vitskaplege tekstar, bruk av vitskapleg litteratur, samt fordelar og ulemper ved bruk av KI m.m. Studentane deltek på eit postersymposium der prosjektarbeida blir presenterte. Eigne felles samlingar og arbeidsverkstader for postersesjonen inngår òg i emnet. Emnet inneheld i tillegg eit obligatorisk HMS-kurs med fokus på laboratoriesikkerheit (HMS-II, arrangør: Kjemisk institutt).

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og

generell kompetanse:

Kunnskaper

Studenten

  • har praktisk erfaring med kjemisk forsking som prosess og arbeidsmetode
  • kan plassere eigne data og funn i ein fagleg kontekst
  • kjenner til struktur og oppbygging av ein vitskapleg artikkel
  • kan presentere vitskaplege resultat skriftleg og munnleg
  • kjenner til reglar for tryggleik i laboratoriet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre, og rapportere resultat frÃ¥ ei definert forskingsoppgÃ¥ve i samsvar med kjemifaget sine standardar
  • ølgjer relevante reglar for tryggleik i laboratoriet
  • kan finne, samanfatte og nytte litteratur og anna fagkunnskap som er relevant for eit definert prosjekt
  • kan forklare og grunngje korleis resultata i prosjektet kan tolkast og vurderast
  • kan gje tilbakemelding pÃ¥ medstudentar sitt arbeid

Generell kompetanse

Studenten

  • kan strukturere arbeidet i eit prosjekt og ta naudsynte steg for Ã¥ sikre framdrift
  • kan nytte vitskaplege metodar til Ã¥ undersøkje ei problemstilling.
  • kan ta naudsynte steg for Ã¥ sikre framdrift av eit prosjekt.
  • kan samarbeide med andre i eit forskningsfelleskap
  • kan rapportere eige arbeid og resultat etter ein standardisert mal

Studiepoeng, omfang

20 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

³ÕÃ¥°ù

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper

For Bachelorstudenter i kjemi: KJEM110, KJEM120, KJEM130, KJEM124

For Bachelorstudenter i nanoteknologi: NF100, KJEM110, KJEM120, KJEM221 eller tilsvarande, PHYS111, PHYS112, NANO100, NANO161, NANO244. Eitt av (KJEM124, KJEM242, PHYS114, MOL200 eller MOL201)

Studiepoengsreduksjon

KJEM290: 5 studiepoeng

KJEM291: 10 studiepoeng

KJEM298: 15 studiepoeng

KJEM299/NANO299: 10 studiepoeng

Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi, samt at du oppfyller opptakskrav. Emnet er ope kun for studenter med opptak på Bachelorprogram i kjemi og bachelorprogram i nanoteknologi.
Arbeids- og undervisningsformer

¹óø°ù±ð±ô±ð²õ¾±²Ô²µ²¹°ù/²õ±ð³¾¾±²Ô²¹°ù:

  • Seminar over aktuelle tema, utfordringar og problemstillingar ved prosjektarbeid
  • Midtsemestermøte der studentane presenterer status for eigne prosjekt
  • Poster-workshops
  • Deltaking pÃ¥ poster-symposium med prosjektpresentasjon i posterformat. Studentane skal gje tilbakemeldingar pÃ¥ minst to av dei andre posterane.

Prosjektarbeid:

  • Over ein periode pÃ¥ 7-8 veker utfører studentane prosjektarbeidet under rettleiing

Rapportering

  • Skriving av individuell/gruppevis prosjektrapport i avtalt format.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking pÃ¥ forarbeid og levering av godkjent prosjektplan
  • Minimum 80 % deltaking pÃ¥ seminar, fellesundervisning og workshops
  • Individuell poster
  • Tilbakemelding pÃ¥ minst 2 andre av emnet sine posters.
  • Deltaking pÃ¥ postersymposium

Obligatoriske arbeidskrav er berre gyldige i inneverande semester.

Alle obligatoriske aktivitetar må vere godkjende før ein kan få vurdering i emnet.

Vurderingsformer

Studenten leverer ei mappe etter oppsatt mal som inkluderer:

  • Endeleg prosjektrapport

Arbeidet med rapporten vert òg vektlagt. Kvar student vert vurdert individuelt. Om ei gruppe leverer ein felles prosjektrapport kan såleis deltakarane få ulike karakterar.

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
³ÕÃ¥°ù
Litteraturliste
Aktuelt materiell vert gjort tilgjengeleg via Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og prosjektrettleiar.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´, eventuelt kan du kontakte
studierettleiar@kj.uib.no
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskaplege fakultet ved Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.