Journalistikkens praksis - I
³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester ³ÕÃ¥°ù
- Emnekode
- JOU202
- Talet på semester
- 1
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Norsk
- Ressursar
Emnebeskrivelse
MÃ¥l og innhold
Målet med dette emnet er at studentane gjennom ein lengre praksisperiode skal bli tryggare på utfordringar dei møter i den verkelege journalistiske verda, og at dei skal ha rom og tid til å reflektere over det dei erfarer på vegen.
Kurset blir innleia med eit praksisførebuande seminar. Seminaret er todelt: Det tar på den eine sida føre seg konkrete tema og utfordringar studentane møter i praksis, gjerne presentert av representantar frå eksterne redaksjonar. På den andre sida diskuterer og reflekterer studentane, saman med faglærar, over korleis den kunnskapen dei har tileigna seg tidlegare i studiet no skal kunna bli nyttig i ekstern praksis. Etter seminaret går studentane ut i praksis primært hos bedrifter i Media City Bergen, men potensielt også hos andre mediebedrifter eller på eigen, intern publiseringsplattform. Praksisperioden er på 8 åtte veker. Den blir avslutta med ein kort praksisrapport der studentane reflekterer over eiga læring i perioden.
³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten...
- skal bli tryggare på utfordringar ho/han møter i den verkelege journalistiske verda
Ferdigheiter
Studenten...
- evnar å gjere sjølvstendige journalistiske vurderingar i ulike kontekstar
- kan nytte ulike typar digitale verktøy på relevante journalistiske vis
- kan arbeide med ulike typar stoff og på ulike plattformar i ulike typar redaksjonar
- kan diskutere og reflektere over arbeidsprosessar som vegar til å utvikle fagleg autonomi og eit kvalifisert og sjølvstendig journalistisk skjønn innanfor gitte rammer
Generelle kompetanse
Studenten...
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar innan journalistikkfaget
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre som har ein bakgrunn innanfor fagfeltet journalistikk og såleis bidra til å utvikle god praksis
- kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innan journalistikkfaget
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Studiepoengsreduksjon
- MEVI261 (10 stp)
- JOU201 (15 stp)
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
- Seminar
- Ekstern praksis på 8 veker
- Skriving av praksisrapport
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Deltaking på opningsseminar
- Gjennomføring av praksis i mediebedrift i samsvar med dei avtalane som er inngåtte.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vera godkjende før studenten kan gå opp til eksamen
Vurderingsformer
Skriftleg praksisrapport pÃ¥ 1500-2000 ord.Â
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Studenter med gyldig fravær slik det er definert i ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden mÃ¥ sendes før fristen for Ã¥ levere er gÃ¥tt ut.