ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Energi- og miljøfysikk

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

²ÑÃ¥±ô: Emnet har som mÃ¥l Ã¥ gi studentane ei insikt i grunnleggjande fysikk som er relevant for, og tema som høyrer heime i, opplyst samfunnsdebatt.

Emnet skal formidle korleis fysikkens grunnleggjande lover kan nyttast til å forstå og forklare prosesser og effektar knytt til energikjelder, energiberarar, energidistribusjon, miljøfysikk og ioniserande stråling.

Innhald: Emnet gir ei innføring i energi- og klimafysikk med spesiell vekt på dei fysiske prosessane som ligg til grunn. Eksempel på tema som vert behandla er:

Energifysikk: Energikonservering og termodynamikkens lover, energikonvertering, energikvalitet og verkningsgrad, energikjelder og energiberarar, energiproduksjon inklusiv forbrenningsmotorar, vasskraftverk, solceller, vindkraft og kjernekraft, og distribusjon av elkraft.

Klimafysikk - kva faktorar påverkar klimaet?: Jorda sitt energibudsjett, strålingslover inklusiv absorpsjon, spreiing og utstråling, varmetransport i atmosfæra og hava, tilbakekoplingsmekanismar, og atmosfæra si samansetjing - kva gassar er klimagassar og kvifor?

Medisinsk fysikk: Fysikken i medisinsk behandling og diagnostisering. Ioniserande stråling som gamma, røntgen og protonbehandling,og ikkje-ioniserande stråling som ultralyd og MRI. I tillegg tek vi for oss radioaktivitet, biologiske effektar av stråling og strålevern.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har brei kunnskap om sentrale tema i energi- og miljøfysikk
  • kjenner til utvalde naturlover anvendt innan energifysikk, atmosfærefysikk og strÃ¥lingsfysikk
  • har forstÃ¥ing for sentrale prosessar i energiproduksjon og energikonvertering, jorda sitt energibudsjett klimamodeller og fysikken i medisinsk strÃ¥lebehandling og diagnostisering.

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan anvende fagleg kunnskap i grunnleggjande fysikk og matematikk pÃ¥ enkle problemstillingar og bruke fagleg argumentasjon
  • kan gjere greie for relevante faglege metodar og uttrykksform og kan diskutere sentrale teoriar, problemstillingar og løysingar med andre studentar
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff, gjennomføre ein litteraturstudie av eit valt tema og skrive ein rapport om temaet

Generell kompetanse:

Studenten

  • har generell kunnskap om den faglege koplinga mellom grunnleggjande fysikk og sentrale tema i energi- og miljøfysikk
  • kan gjere greie for utvalde problemstillingar innan energi- og mljøfysikk
  • kan praktisere grunnleggjande norm for akademisk skriving

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

³ÕÃ¥°ù
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er avgrensa til studentar opptekne på studieprogrammet Informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør), master, 5 år. 
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert gitt i form av førelesingar, gjennomgang av oppgåver i plenum, rekneverkstad og prosjektoppgåve.

Førelesingar 4 timar i veka.

Seminar 2 timar i veka.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk innlevering som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Obligatorisk gjennomføring av prosjektarbeid (rapport + muntlig presentasjon).

Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i tre påfølgande semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

Skriftleg eksamen (4 timar), utgjer 100 % av karakteren

Karakterskala
Bokstavkarakterar A - F.
Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Studenter som oppfyller kravet til kontinuasjonseksamen (ihht. ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´-forskriften § 5-5) henvises til neste ordinære eksamen.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´s kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillete i samsvar med modellar som kjem fram i Det matematisk-naturvitskaplege fakultet sine reglar. Tilletne kalkulatormodellar inkluderer: Casio fx-82ES PLUS og Casio fx-82EX

Ordbok førehandsgodkjent av fakultetet

Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet.