Grunnleggjande reiskap for kodeteori og kryptografi
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust, ³ÕÃ¥°ù
- Emnekode
- INF240A
- Talet på semester
- 1
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Norsk. Engelsk ved behov
- Ressursar
-
Emnebeskrivelse
MÃ¥l og innhold
²ÑÃ¥±ô:
Målet med emnet er å legge grunnlag for avanserte emne i kodingsteori og kryptografi, eller for eit masterprosjekt på desse områda.
Innhald:
Emnet dekker ei samling av konsept og teoretiske resultat, grenser og teknikkar som er essensielle for å gjennomføra avanserte studiar og forsking i kodingsteori og kryptologi. Mellom desse temaene er
- Endelege kroppar og deira bruk for å utforma feilkorrigerande kodar og kryptografiske primitiv
- Løysa likningar over endelege kroppar
- Polynom over endelege kroppar, og koplingar til lineære feedbackskiftregister
- Boolske funksjonar og bruken av dei i kryptografi og kodingsteori
³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten skal ha kunnskap om
- Teorien for endelege kroppar brukt i kryptografi og kodingsteori,
- Boolske funksjonar og bruksområda deira i kryptografi,
- Grunnleggjande eigenskapar til lineære rekurrente sekvenser og feedbackskiftregister,
- Grunnleggjande eigenskapar til lineære og sykliske kodar, inkludert kjente familier av feilkorrigerande koder som er dekte av emnet.
Ferdigheiter:
Studenten er i stand til å
- Laga dataprogram ved hjelp av omgrep, datastrukturar og algoritmar dekte av emnet
- Forklara og skapa bevis i kodingsteori og kryptografi
Generell kompetanse:
Studentene
- er kjente med det matematiske grunnlaget for kryptografi og kodingsteori,
- kan utveksla meininger med andre med relevant bakgrunn og delta i diskusjoner om emnet.
Fulltid/deltid
Fulltid
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor / Master / PhD
Undervisningssemester
³ÕÃ¥°ù
Krav til forkunnskaper
Grunnleggjande kunnskapar i diskret matematikk
Studiepoengsreduksjon
I145: 10 SP
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gitt i form av førelesningar og gruppeøvingar
Førelesningar: 2 timar pr. veke
Gruppeøvingar: 4 timar pr. veke
Førelesningar: 2 timar pr. veke
Gruppeøvingar: 4 timar pr. veke
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjende obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
Digital skriftleg eksamen (3 timar).
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´, kontakt eventuelt studieveileder@ii.uib.no
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.