Sekvensstratigrafi og "Source-to-sink"
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- GEOV361
- Talet på semester
- 1
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Engelsk
- Ressursar
Emnebeskrivelse
MÃ¥l og innhold
Emnet har som mål å introdusere studentane for grunnleggjande kunnskapar i sekvensstratigrafi og «source-to-sink» samt å vise korleis kunnskapen vert nytta for betre å forstå korleis sedimentære lagrekkjer er bygga opp i eit tid-rom perspektiv og kva for kontrollar som styrer denne oppbygginga.
I emnet går ein gjennom grunnleggjande begrep, prinsipp og metoder både i «source-to-sink», frå sedimentproduksjon via transport til avsetjing, og i sekvensstratigrafi, frå korleis sedimentære lagrekkjer kan delast inn i genetiske eininger til kva for prosessar som styrer utviklinga gjennom tid. Prinsippene klårgjerast ved hjelp av eksempel og studentane får selv nytte metodene på borkjerner frå norsk sokkel.
³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
- kan greie ut om konsept og metoder i «source-to-sink» og sekvensstratigrafi
- kan forklare danninga av viktige diskontinuitetsflater og dele ei lagrekkje inn i sekvensar
- kan greie ut prosessane bak, og effekten av tektonikk, klima, sedimenttilførsel og havnivåendringer på sediment ruting fra kjelde til basseng og sedimentære lagrekkjer si oppbygging
Ferdigheiter:
Studenten
- kan framstille og analysere ei sedimentær lagrekkje med vekt på tolking av interne og eksterne kontrollar, avsetjingsmiljø og sekvensstratigrafi
- kan identifisere genetisk relaterte eininger og deira mellomliggjande diskontinuitetsflater
- kan vurdere kva for kontrollar som ligg til grunn for sediment produksjon, transport og avsetjing samt stabling og geometri av sedimentære lagrekkjer
Generell kompetanse
Studenten
- kan bruke kunnskapen og ferdigheitane oppnådd i emnet i praktisk arbeid knytta til reservoarkarakterisering og evaluering av bassenginnfylling for CO2 depon, akviferar, og petroleumsførekomstar
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Mappevurdering:
Dei tre obligatoriske øvingane vil bli vurdert samla
Seismisk stratigrafi øving
"Source-to-sink" øving
Kjerne - workshop journal