ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Masterekskursjon i kvartærgeologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Mål: Kvartærgeologien i Europa har store regionale skilnader både i høve til kva prosessar som har verka i landskapet og ikkje minst kor lenge eit område har vore utsett for ulike eksogene prosessar. Målet med emnet er å gje studentane innblikk i og kunnskap om utvalde områder med fokus på den regionalgeomorfologiske og -stratigrafiske delen av kvartærgeologien. Gjennom emnet skal studentane tileigne seg avanserte kunnskapar og førebu presentasjon av og diskusjon om kvartærgeologiske problemstillingar i Europa. Vidare skal ein kunne teikne geologiske skisser og detaljerte skildringar med påfølgjande tolkingar av utvalde ekskursjonsmål. Reisemål for ekskursjonen skiftar frå år til år og har tidlegare vore Island, Nord-Sverige, Skottland og Nord-Noreg.

Innhald: Ekskursjonen går normalt over seks dagar og vert førebudd gjennom seminar der ein gjennomgår litteratur som omhandlar aktuelle problemstillingar. Studentane vel eit emne som dei skriv eit essay om og som vert presentert for resten av gruppa. I tillegg til essayet vert studentane gjort ansvarlege for å presentere ein eller fleire av lokalitetane på ekskursjonen. Under ekskursjonen vert det ført feltjournal. På denne bakgrunn blir en temarapport utarbeidd og sett saman til ein meir omfattande ekskursjonsrapport. Uavhengig av kvar ein reiser vert studentane gitt ei brei opplæring i forskjellige typar avsetningar og former sett inn i ein regionalgeologisk kontekst.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan identifisere ulike eksogene prosessmiljø uavhengig av kva region ein vitjar
  • kan skildre kva geomorfologiske prosessar som er og har vore aktive i eit omrÃ¥de
  • kan innhente og tolke data gjennom enkle feltarbeid
  • kan presentere den kvartæregeologiske historia i ein region basert pÃ¥ litteraturstudiar og enkle feltstudiar
  • kan organisere og skrive geologiske rapportar basert pÃ¥ feltobservasjonar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan konkludere om genese og prosessmiljø for ulke typar geologisk materiale avsett av ulke geomorfologiske agensar
  • kan summera og tolka informasjon innhenta med enkle felt meodar
  • kan framstilla og drøfte den kvartærgeologiske historia for eit omrÃ¥de

Generell kompetanse

Studenten

  • kan vurdera kritisk litteratur publisert om gitte regionale kvartærgeologiske problemstillingar
  • kan gjennomføra feltstudiar i Nord-Europa
  • kan demonstrere evne til Ã¥ arbeida individuelt, men ogsÃ¥ som ein del av ei gruppe bÃ¥de i feltsituasjonen og i ekskursjonssamanhengar

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master and PhD level

Undervisningssemester

³ÕÃ¥°ù.

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info:

Emnet er basert på ekstern finansiering og kan bli kansellert ved mangel på dette.

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Bachelor i geovitskap (studieretning geologi) eller tilsvarende, samt opptak til master i geovitenskap.
Anbefalte forkunnskaper
Bachelor i geovitskap (studieretning geologi).
Studiepoengsreduksjon
5 sp overlapp med GEOL322
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram ved Fakultet for naturvitskap og teknologi eller ph.d.-utdanninga.
Arbeids- og undervisningsformer

Seks seminarer à 2 timer tidleg i semesteret

Seks dagars feltkurs i slutten av semesteret.

Studenten skal trene på å utarbeide skriftleg materiale til feltkurset, og kan få oppgåver som il dømes å utarbeide korte intro-filmar, eller liknande.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på ekskursjon. Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i totalt 3 semester, inkludert semesteret dei først vart godkjente.
Vurderingsformer
Rapport.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen Bestått / ikkje bestått nytta.
Vurderingssemester
³ÕÃ¥°ù. Det er berre mogleg Ã¥ vurderingsmelde seg samt levere inn rapport dei semestra emnet vert undervist.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.