ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Platetektonikk

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

²ÑÃ¥±ô:

Jordas ytste del er satt saman av eit begrensa antal stive plater som beveger seg i forhold til kvarandre langs dynamisk aktive grenser. Målet med emnet er å gje ein oversikt over dei fysiske kreftene som styrer mantelkonveksjon, og koplinga mellom denne og dynamikken til platene. Studentane vil få inngåande kunnskap om dei geologiske prosessane som styrer havbunnsspreiing, oppsprekking av kontinent, kontinentkollisjonar, fjellkjededannelse, subduksjonssoner og laterale skjærsoner. Emnet vil også diskutera samanhangen mellom platetektonikk og mantelplumer, samt platetektoniske forhold på andre telluriske planetar.

Innhald:

Kurset er delt i to delar. I del 1 vert dei viktigaste elementa i global platetektonikk og samspelet mellom dei fysiske kreftene som styrer denne, introdusert. I denne delen vil ein kort introduksjon til geodynamiske prinsipp gje studentane eit nytt reiskap til å studera ulike geologiske prosessar som heng saman med platetektonikk; frå danninga av havbotnskorpe til den vert subdusert under vulkanske øybuer. I del 2 vert andre viktige faktorar som kontrollerer platetektonikk, som varmestrøm, bergartsstyrke, deformasjonstypar og ulike modellar for kontinentalstrekking, introdusert. Utviklinga av nord-Atlanteren vert gjennomgått i detalj, frå subduksjon, via kontinentalstrekking, til dannelse av havbunnsskorpe langs den midt-Atlantiske rygg.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan beskriva kva som karaktereriserer platene som dannar jordas ytre skal
  • kan diskutera dei viktigaste geologisk prosessane som er aktive der platene møtes; bÃ¥de langs konvergerande, divergerande og masse-konserverande grenser
  • kan forklara dei geokjemiske forskjellane mellom bergartar laga ved oseane spreiieryggar, intra plate vulkanar og subduksjonssoner
  • kan diskutera hovedgrunnane for at det ikkje foregÃ¥r signifikant platetektonikk pÃ¥ vÃ¥re naboplanetar i solsystemet
  • kan diskutera dei viktigaste faktorane som knyt saman mantelkonveksjon og platetektonikk; slik som varmestrøm, bergartsstyrke, deformasjonsmekanismar, bergartskrystallisering
  • kan diskutera den geologiske utviklinga av nord-Atlanteren frÃ¥ Paleosoikum til i dag; med fokus pÃ¥ interaksjonen mellom tektoniske og magmatiske prosessar gjennom kontinentalrifting og havbunnsspreiing

Ferdigheiter

Studenten

  • kan tolka generelle bergartstypar frÃ¥ geofysiske modellar
  • kan identifisera og diskutara geologiske prosessar og utvikling frÃ¥ geofysiske modellar
  • kan utføra enkle kvantitative analyser; som platehastigheit, magma produksjonsrate
  • kan utføra enkle søk etter relevant vitskapleg litteratur, og referera til desse pÃ¥ ein korrekt mÃ¥te
  • kan identifisera moglege vitskaplege paradigmeforskjellar mellom `skular¿ innan platetektonikk høvesvis mantelplumar
  • kan gjenkjenna ulike platetektoniske trekk i batymetriske kart

Generell kompetanse

Studenten

  • kan nytta eit presist vitskapleg sprÃ¥k som knyt ulike geologiske prosessar til platetektonikk
  • kan erkjenna og kommunisera menneskeheita si avhengigheit av platetektoniske prosessar
  • har tileigna seg generell kompetanse om platetektoniske prosessar som kan nyttast i andre vitskaplege disiplinar
  • kan kritisk vurdera styrkane og veikskapane til geofysiske modellar og korleis dei kan tolkast geologisk
  • har demonstrert kompetanse i vitskapleg etikk og evna til Ã¥ arbeida bÃ¥de uavhengig og i lag med andre

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper

GEOV101

Instituttet kan vurdere fritak fra forkunnskapskravet ved søknad. Kontakt studiekonsulenten på Instituttet.

Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
10 sp overlapp med GEOF290, og 5 sp overlapp med GEOV333
Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi

Arbeids- og undervisningsformer

Del I (6 veker) - Førelesningar, 4 timar/veke

Del II datainnsamling (6 veker) - Førelesningar og e-modular, 4 timar/veke

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må levera inn to skriftlege oppgåver (ein for kvar del av kurset) for å få lov til å ta skriftleg eksamen. Desse oppgåvene er berre gyldige for semesteret kurset vert undervist og for påfølgjande semester (for tidleg eksamen om våren).
Vurderingsformer
  • Skriftlege oppgÃ¥ver utgjer 40% av karakteren.
  • Skriftleg eksamen (4 timar) utgjer 60% av karakteren.
Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta. Graden A er best mogleg karakter, medan F er stryk.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret. Ved eventuell tidleg eksamen i påfølgjande semester vil resultatet frå dei andre vurderingsdelane stå. Disse kan ikkje tas opp igjen, i semester utan undervisning.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der
Emneansvarlig
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.