ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Frå idé til prosjekt: å skrive vellukka prosjektsøknader

Ph.d.-kurs

Emnebeskrivelse

²ÑÃ¥±ô og innhold

²ÑÃ¥±ô

Dette kurset har som mål å gi tidlegkarriere-klimaforskarar dei nødvendige ferdigheitene til å utvikle eigne forskingsidéar til vellukka prosjektforslag.

Innhald

Studentane skal stegvis og i samspel utvikle eigne forskingsidéar til prosjektforslag, samstundes som dei lærer korleis ein skriv gode søknader. Ved starten av kurset presenterer studentane prosjektidéane sine («pitching»), og tre av desse blir valde ut til vidare utvikling som prosjektkonsept. Deltakarane vil lære om dei sentrale komponentane i eit prosjektforslag (mål, effekt/impact, arbeidsplan), formidla gjennom iterative læringssyklusar som omfattar førelesingar, gruppearbeid og plenumsøkter. Resultata frå gruppearbeidet blir presenterte i plenum og vurderte gjennom fagfelle¬tilbakemelding. Det konkrete resultatet av kurset for dei tre utvalde idéane er eit prosjektkonsept som er klart til å utviklast vidare til ei fullstendig prosjektskildring. Vidare inneheld kurset informasjon om relevante finansieringsmoglegheiter for forskarar tidleg i karrieren. Undervisningsmetodane byggjer på konstruktiv tilpassing mellom læringsutbytte og studentane sine behov, samskaping av kursinnhald mellom lærarar og studentar, og bruk av aktive læringsstrategiar.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • veit dei sentrale komponentane i eit prosjektforslag
  • veit korleis vellukka forskingsprosjekt blir utvikla, strukturerte og presenterte
  • veit dei mest relevante finansieringsmoglegheitene for forskarar tidleg i karrieren

Ferdigheiter

Studenten

  • kan presentere ei prosjektidé kort og presist (pitching)
  • kan utvikle dei sentrale komponentane i eit forskingsprosjekt – og strukturere desse til eit overtydande prosjektkonsept
  • kan utarbeide eit prosjektbudsjett

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og skrive eit fullstendig prosjektforslag basert pÃ¥ eigne idéar
  • kan identifisere relevante finansieringsmoglegheiter og arbeide strategisk fram mot innlevering av eit eige prosjektforslag

Studiepoeng, omfang

1 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

ph.d. nivå

Undervisningssemester

³ÕÃ¥°ù
Krav til forkunnskaper
Minst 2 år forskningserfaring etter fullført mastergrad.
Anbefalte forkunnskaper
Arbeidserfaring i forskningsprosjekt.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For Ã¥ starte pÃ¥ emnet mÃ¥ du ha ein studierett knytt til ph.d.- utdanninga ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´. Postdoktorar og forskarar ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og Bjerknessenteret for klimaforskning kan delta pÃ¥ workshop. Postdoktorar og forskarar ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ som ønskjer Ã¥ ta emnet med studiepoeng, mÃ¥ søkje om ansattstudierett med samtykke frÃ¥ arbeidsgivar, i tillegg til Ã¥ oppfylle opptakskrava til emnet. Informasjon om ansattstudierett ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er tilgjengelig her:
Arbeids- og undervisningsformer

I emnet nyttar ein følgjande arbeids- og undervisningsformer:

  • Førebuing til kurset, 10 timar
  • Presentasjon av eigne forskingsidéar og diskusjon, 5 minutt per deltakar, totalt 1,5 timar
  • Førelesingar og introduksjon til gruppearbeid, 7 timar
  • Gruppearbeid, 3,5 timar
  • Presentasjon av resultat frÃ¥ gruppearbeid i plenum og fagfelletilbakemelding, 3 timar

Totalt 25 arbeidstimar inkludert førebuingsarbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte for hele kurset, 2 arbeidsdagar.

Obligatorisk aktiviteter er kun gyldig det semesteret emnet vert

undervist.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Munnleg

  • Pitching av idéar: Presentasjon og intervju i plenum. Vurdert av faglærar med munnleg tilbakemelding.
  • Presentasjon av resultat frÃ¥ gruppearbeid i plenum: Vurdert av medstudentar gjennom organisert fagfelletilbakemelding, rettleidd og kvalitetssikra av lærarar.

Skriftleg

  • Løysing av oppgÃ¥ver i gruppearbeid i ein digital arbeidsflate.

Vurdert gjennom presentasjon i plenum, sjå over.Alle delar av vurderinga må vere bestått for å få endeleg karakter i emnet.

Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
³ÕÃ¥°ù
Litteraturliste
Emneansvarleg finn du i MittºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitenskap og teknologi ved Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.