ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Seminar i atmosfærisk vitenskap

Masteremne

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

²ÑÃ¥±ô:
I emnet får studentane tilgang på forskingsartiklar som fokuserer på ulike forskingstema innan meteorologi. Studentane vil med dette møte sentrale problemstillingar gjennom nyare forskingsresultat og vitskapelege diskusjonar som går føre seg innan faget. Diskusjonar innan desse forskingstema har som mål at studentane skal utvikle kritisk og sjølvstendig tenking. I tillegg vil eit skriftleg samandrag hjelpe studentane til å forbetre dei faglege skriveferdighetene sine, noko som er nødvendig for i arbeidet deira med masteroppgåva.

Innhald:
Studentane vil diskutere og presentere vitskapelege artiklar og dessutan skrive ein samandragsrapport. Det vitskapelege temaet vil endre seg frå år til år.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap
Studenten

  • har god kjennskap til dei viktigaste ideane, teoriane, metodane og resultata innan eit valt tema eller forskingsomrÃ¥de i meteorologi
  • har kunnskap om korleis ein pÃ¥ beste mÃ¥te kan presentere forskingsresultat
  • har kunnskap om prinsippa for vitskapeleg skriving og forskingsetikk

Ferdigheter
Studenten

  • kan gjennomføre omfattande litteratursøk pÃ¥ eit gitt tema
  • kan identifisere og vurdere relevant litteratur
  • kan skrive i samsvar med prinsippa for vitskapleg skriving og forskingsetikk
  • kan gi ein god munnleg eller poster presentasjon innan eit oppgitt emne

Generell kompetanse
Studenten

  • kan, ut frÃ¥ litteraturen, kunne gi ein heilskapleg oversikt over dei viktigaste idear, teoriar, metodar og resultat frÃ¥ eit valt tema eller forskingsomrÃ¥de innan meteorologi
  • er i stand til Ã¥ vurdere og kritisk diskutere relevant litteratur
  • er i stand til Ã¥ presentere essensen og dagens diskurs av det valde meteorologiske tema i skriftleg og munnleg form

Studienivå (studiesyklus)

Master/ph.d.

Undervisningssemester

³ÕÃ¥°ù, ved behov.
Emnet inngår i undervisningsopptaket.

Meir informasjon:

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Bachelor i meteorologi og oseanografi, bachelor i klima, atmosfære og havfysikk eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Fakultet for naturvitskap og teknologi, samt at du oppfyller ev opptakskrav.

Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av:
2 forelesningar á 2 timar som innføring i emnet den første veka. Deretter 2 timar diskusjon av artiklar pr veke, inkludert studentpresentasjonar. 2 forelesningar á 2 timar om vitskapleg skriving midt i semesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Alle deler må vere godkjent

  • obligatorisk oppmøte pÃ¥ forelesningar og deltaking i diskusjonane
  • rapport innan eit valt tema
  • deltaking i fagvellevurdering

Gyldig kun i semesteret som det blir godkjent.

Vurderingsformer

Mappevurdering.

Mappa består av

  • studentpresentasjon eller posterpresentasjon tel 40% av karakteren
  • oversiktsrapport tel 20 % av karakteren
  • skriftleg oppgÃ¥ve tel 40 % av karakteren
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er eksamen kun i undervisningssemester.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´, kontakt eventuelt Studierettleiar@gfi.uib.no
Administrativt ansvarlig
Geofysisk institutt