ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

±á±ð±ô²õ±ðø°ì´Ç²Ô´Ç³¾¾±

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Formålet med kurset er å gi ei oversikt over økonomiske metodar som kan brukast på analyser av helsesektoren.

Kurset vil gi studentane ei innføring i grunnleggjande emne i helseøkonomi og erfaring med korleis desse kan brukast til å vurdere og løyse styringsproblem i helsesektoren. Studentane vil få innsikt i oppbygging av den norsk helsesektoren, og i metodar for evaluering av helsetiltak, i betalings- og finansieringssystem i helsesektoren, og om marknads- og konkurranseformer ved produksjon av helsetenester. Bruk er på analyser av helseføretak (sjukehus), kommunehelsetenesta og allmennlegar, marknader for legemiddel, og fordeling av helse- og helsetenester i befolkninga. Det vil også bli gitt ei innføring i enkelte globale helseproblemstillingar og helseproblem i utviklingsland.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

  • Kjenner til kva som gjer helsesektoren forskjellig frÃ¥ andre viktige sektorer i økonomien
  • Har grunnleggjande kunnskap om oppbygginga av det norske helsesystemet.
  • Har kunnskap om ulike definisjonar av helse og i kva for nokre situasjonar dei ulike omgrepa er relevante.
  • Har kunnskap om økonomisk teori bak etterspurnad etter helse og helsetenester, deriblant enkel konsumentteori og Grossmanmodellen.
  • Veit korleis ein kan mÃ¥le sosioøkonomisk ulikhet i helsetilstanden innan eit samfunn og pÃ¥ tvers av samfunn, samt kva teorien og empirien har Ã¥ si om temaet.
  • Har kunnskap om ulike formar for økonomiske evalueringar.
  • Kjenner til teorien bak, samt metodiske utfordringar ved dei ulike økonomiske evalueringane.
  • Har kunnskap om ulike teoriar knytt til finansiering i helsesektoren, bÃ¥de pÃ¥ systemnivÃ¥ og pÃ¥ individnivÃ¥.

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • Kan framstille hovudtrekka i oppbygginga av det norske helsesystemet samt greie ut om kva for tankar som ligg bak.
  • Kan med hjelp av enkle modellar diskutere kva slags implikasjonar ulike helsemÃ¥l kan ha for prioriteringar og anna helsepolitikk.
  • Kan gi ein oversikt over korleis økonomiske analyser av helsesektoren og helsepolitiske spørsmÃ¥l kan gjennomførast
  • Kan diskutere og forklare skilnader og fellestrekk mellom kostnads-, nytte- og verdianalyser i lys av praktiske døme, samt anvende analysane pÃ¥ enkle døme
  • Kan diskutere uheldige verknader av ulike finansieringssystem og korleis (meir) optimale system kan utformest.
  • Kan greie ut om og diskutere ulike problemstillingar knytta til helsevesen og helseforbetringar i utviklingsland

Generell kompetanse

Kandidaten...

  • Er i stand til Ã¥ vurdere fleire aktuelle diskusjonar omkring til dømes prioriteringar i helsevesenet i lys av økonomiske resonnement.
  • Er oppmerksam pÃ¥ kva ein kan forvente av økonomiske evalueringar meir generelt og er i stand til Ã¥ gjere overordna vurderingar av kvalitet.

Undervisningssemester

Haust.

Emnet blir ikkje tilbydd kvart år.

Krav til forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Full poengreduksjon mot ECON221
Krav til studierett
Ope
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar. Seminarundervisning.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent innleveringsoppgåve med formativ tilbakemelding.

Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.

Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med etter ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´s studieforskrift § 5-5.

Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:

  • Avbrot under eksamen
  • Stryk/ikkje bestÃ¥tt

Studentar kan etter 15. januar/1. august melde seg opp sjølv i studentweb.

Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´s kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
  • Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters.
  • Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitetets reglar.
  • Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet.

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.