ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Digital teknologi og samfunn

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Emnet introduserer studentane for sosiale og kulturelle perspektiv på utviklinga av digitale teknologiar og konsekvensane av desse.

I løpet av emnet skal studentane utforske dei historiske, økonomiske og sosiale faktorane som har påverka utviklinga av digitale teknologiar. Desse faktorane bidreg òg til dei ulike diskursane, prinsippa og ideologiane som omgir teknologiane i dag.

Studentane blir introduserte for korleis digitale teknologiar har påverka måten vi tenkjer på og strukturerer samfunnet vårt, og for sentrale tenkjarar og teoretikarar innan digital kultur. Tema kan mellom anna omfatte: teknologi, kjønn og identitet; analyse av skeivskap i teknologiar som kunstig intelligens; teknologiens påverknad på miljøet; spørsmålet om det finst ein digital revolusjon; om informasjon er eit signal eller ei sanning; korleis menneske og maskiner organiserer og tolkar informasjon og data; korleis algoritmar og plattformer kan forme forståinga vår av samfunnet; kva som ligg i tilgjengeleggjering av programkode (open kjeldekode); og kva ein meiner med kunstig intelligens og bruken av det.

Emnet gir trening i akademisk skriving og førebur studentane på vidare studiar der dei skal vurdere den digitale teknologiens påverknad på kultur og samfunn med eit kritisk blikk.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Kunnskap

Studenten har kunnskap om…

  • sentrale spørsmÃ¥l og nøkkelomgrep innan fagfeltet digital kultur,
  • historia og utviklinga av digitale teknologiar og teknologikritikk,
  • dei sosiale, økonomiske og kulturelle verknadene digitale teknologiar har pÃ¥ livene vÃ¥re.

Ferdigheiter

Studenten kan…

  • bruke nøkkelomgrep i diskusjonar om fenomen knytte til utvikling og bruk av digitale teknologiar,
  • analysere og bruke historisk kunnskap om teknologisk endring i møte med samtidige teknologiske utviklingar,
  • identifisere pÃ¥verknaden digitale teknologiar har pÃ¥ samfunn og individ.

Generell kompetanse

Studenten kan…

  • forstÃ¥ og vurdere faglege tekstar om digital kultur, og setje dei i kontekst i høve til kvarandre, bÃ¥de i ein generell samanheng og med omsyn til konkrete teknologiske innovasjonar,
  • føre overtydande argument basert pÃ¥ akademiske kjelder, og
  • meistre og bruke grunnleggande akademisk skriving.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

³ÕÃ¥°ù

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen.
Anbefalte forkunnskaper
-
Studiepoengsreduksjon
-
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på bachelorprogrammet i digital kultur, samt for utvekslingsstudentar. Andre bachelor- og masterstudentar ved Det humanistiske fakultet kan søkje om å ta emnet dersom det er kapasitet, ved å kontakte studierettleiar på studieveileder@lle.uib.no.
Arbeids- og undervisningsformer

Eit semester varer i tjue veker, der det vanlegvis er undervisning i ti av desse vekene. Undervisningsplanen vil vere tilgjengeleg ved semesterstart. Førelesingane følgjer ein studentaktiv læringsmodell og inneheld vanlegvis ein kombinasjon av førelesingar, diskusjonar og små øvingar. I tillegg til pensumlitteraturen kan studentane få heimeoppgåver, som til dømes kritisk vurdering av påstandar i ein tekst eller oppdatering av litteraturen ved å samanlikne med aktuelle hendingar.

Det er viktig at studentane møter opp på orienteringsmøtet tidleg i semesteret, før undervisninga startar.

Studentane skal rekne med å bruke 18 timar per veke på emnet frå starten og fram til undervisningsperioden er avslutta, også i veker utan oppsette undervisning. Desse timane skal nyttast til førelesingar, lesing av kurslitteratur, gjennomføring av heimeoppgåver, skriving av obligatoriske arbeidskrav, og søking etter relevant materiale i biblioteket og på nett. I undervisningsfrie veker er det forventa at studentane brukar tida til lesing av kursmateriale, fullføring av oppgåver og førebuing til eksamen.

Studentane kan bli inviterte til relevante gjesteførelesingar og arrangement i regi av digital kultur og Senter for digitale forteljingar.

Dersom færre enn fem studentar melder seg til emnet, kan instituttet tilby redusert undervisning. SjÃ¥ instituttet sine retningslinjer pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ for meir informasjon. Studentane vil fÃ¥ beskjed før fristen for semesterregistrering dersom dette vert aktuelt.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Frammøte er obligatorisk for alt som emnet omfattar. Deltaking blir godkjend av emneansvarleg. Dersom ein student har meir enn 25 % fråvær, kan han eller ho ikkje gå opp til eksamen. Studentane blir oppfordra til å halda oversikt over eige frammøte.

For å kunne gå opp til eksamen må studentane levere 3-6 obligatoriske arbeidskrav gjennom semesteret, som til dømes kortare skriftlege arbeider, prosjekt og presentasjonar. Desse oppgåvene må tilfredsstille faglege krav, særleg innan argumentasjon og kjeldebruk, og må leverast innan fristar som blir opplyste ved semesterstart. Kvar oppgåve blir vurdert som «godkjend» eller «ikkje godkjend».

Alle arbeidskrava må vere fullførte og godkjende innanfor undervisningssemesteret før studenten får gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Emnet avsluttast med ei heimeeksamen over ei veke, på om lag 4 000 ord. Eksamen spør om kasusbasert, djupgåande drøfting av kursmaterialet og krev metarefleksjon over stoffet. Det kan bli gitt fleire spørsmål frå ulike delar av emnet. Alle delspørsmål må besvarast for å få karakter.

Studenten kan levere eksamen på engelsk eller norsk.

Karakterskala
Karakterane gÃ¥r frÃ¥ A til F. Ei forklaring av karakterskalaen finst pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.
Vurderingssemester
³ÕÃ¥°ù
Litteraturliste

Kursmaterialet omfattar både historiske og nyare kjelder. Bøker og artiklar vil vere tilgjengelege i bokhandlar eller digitale samlingar, eller fritt tilgjengelege på nett. Videoopptak av nettbaserte førelesingar eller dokumentarfilmar kan òg vere ein del av pensum; desse vil anten vere fritt tilgjengelege på nett eller bli vist i løpet av kurset. Studentane er forventa å setje alt kursmaterialet i kontekst, bruke det aktivt i førebuing til eksamen, og referere til det i eksamen.

Det obligatoriske pensum er som regel på engelsk. Studentane kan likevel bruke og vise til kjelder på andre språk i oppgåver og til eksamen.

Lista over obligatorisk og tilrÃ¥dd litteratur, sÃ¥ langt ho er klar pÃ¥ førehand, blir lagt ut pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ før semesterstart og oppdatert ved behov. Pensum vil vere tilgjengeleg hos Akademika eller som nedlastbare e-bøker eller artiklar.

Studentane er òg forventa å setje seg inn i relevant fagleg materiale gjennom biblioteket, nettbaserte akademiske kjelder og sjølvstendig forsking på temaet.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarlig
Programstyret for digital kultur
Emneansvarlig
-
Administrativt ansvarlig
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium