Generell anatomi og fysiologi inkludert ernæring
³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester ³ÕÃ¥°ù
- Emnekode
- BMEDKRO
- Talet på semester
- 1
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Norsk
- Ressursar
-
Emnebeskrivelse
MÃ¥l og innhold
Det vert gjeven ei generell innføring i cellene, veva og kroppen sin bygnad og funksjon.
Undervisninga integrerer kunnskap i anatomi og fysiologi, og har som mål at studentane skal få ei forståing av korleis kroppen sine organsystem samarbeider for å sikre at alle cellene i kroppen til ei kvar tid lever i eit optimalt miljø. Det vert fokusert på korleis det indre miljøet i kroppen (homeostasen) vert overvaka 24 timar i døgnet gjennom nervøse og hormonelle refleksar, og kvifor denne overvakinga er naudsynt for at kroppen skal fungere normalt.
Emnet inneheld også ei grunnleggjande innføring i ernæringslære, som skal gje innsikt i samspelet mellom kosthald og helse. Målet er at studentane skal verte bevisste på generelle ernæringsråd, og at ernæringsråd som gjeld oral helse også spelar inn på helsa generelt.
³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð
Etter fullført emne kan studenten:
Kunnskapar
- Beskrive nokre viktige anatomiske definisjonar
- Beskrive den normale bygnaden av kroppen generelt, på celle-, vev- og organnivå
- Forstå prinsipp for bygnaden og funksjonen til kroppen, inkludert homeostase
- Beskrive sentrale fysiologiske prosessar i menneskekroppen som nervøs og hormonell kontroll, respirasjon og gasstransport, sirkulasjon, muskelkontraksjon og seksualfysiologi
- Beskrive essensielle næringsstoff og deira viktigheit for tannhelsa og generell helse
Ferdigheiter
- Forklare bygnaden og funksjonen til kroppen og dei enkelte organa på ein enkel, men korrekt måte.
- Forklare basale fysiologiske og ernæringsmessige forhold som kan påverke helsa til ein pasient.
- Delta i fagleg diskusjon med medstudentar og undervisarar om kroppen og om ernæringslære.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
- Bachelorprogram i tannpleie
- Sivilingeniørstudiet i data science