Molekylærbiologisk diagnostikk av fiskesjukkdomar
³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester ³ÕÃ¥°ù
- Emnekode
- BIF210
- Talet på semester
- 1
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Norsk
- Ressursar
Emnebeskrivelse
MÃ¥l og innhold
Målet for emnet er å utvikle kunnskap hos studentane om molekylærbiologiske metodar som blir brukte i diagnostikk, karakterisering av sjukdomsframkallande mikroorganismar og vertsrespons hos fisk og andre oppdrettsartar. Denne kunnskapen utviklast gjennom laboratorieoppgåver, førelesingar, diskusjonar og journalføring.
Emnet gjev ei praktisk innføring i bruk av sentrale metodar. Studentane skal lære å bruke reagensar og utstyr ved eiga erfaring, og forstå korleis enzymreaksjonar og molekylære interaksjonar kan brukast for å undersøke blod og vevsprøver frå fisk. Nokre metodar vil bli gjennomgått som demonstrasjon/førelesing på laboratoriesalen.
Deltaking på kurset er obligatorisk. Kurset varar i tre veker, og består av ei førelesning på måndagar, fulle dagar med praksis frå tysdag til torsdag, og eit seminar på fredagane. Totalt fem rapportar skal leverast inn: ein etter den første veka, og to etter andre og tredje veka. Frist for levering er på sundagar med tilbakemelding på følgene torsdagar. En avsluttende test blir gjennomført.
³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð
Ferdigheiter
Studenten kan utføre
- µþ±ô´Ç»å/²õ±ð°ù³Ü³¾±è°ùø±¹±ð³Ù²¹°ì¾±²Ô²µ
- Vevsprøvetaking til RNA-rensing
- Polymerase-kjede-reaksjon (PCR)
- Syntese av komplementær DNA (cDNA)
- Kloning i plasmidvektor
- Restriksjonsenzymskutting av DNA
- Agarose gel elektroforese
- DNA-sekvensering
- Sanntids-PCR (Real-time PCR)
- Polyakrylamid gel elektroforese (PAGE)
- Western blotting
- Primer design
- Enkle bio-informatiske analyser
Generell kompetanse
Studenten har kjennskap til sentrale molekylærbiologiske teknikkar og teorien bak desse.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
³ÕÃ¥°ù.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved NT-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.
Det er obligatorisk oppmøte pÃ¥ første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere Ã¥ miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte pÃ¥ første forelesing/orienteringsmøtet mÃ¥ du kontakte studieseksjonen pÃ¥ e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til Profesjonsstudiet i fiskehelse ved Fakultet for naturvitskap og teknologi samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav.
Opptakskrav: gjennomført grunnemne i biologi/fiskehelse
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Obligatorisk deltaking.
Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i tre semester, inkludert semesteret aktiviteten blir avlagt i.