Aktuelle tema i arkeologi
³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester ³ÕÃ¥°ù
- Emnekode
- ARK114
- Talet på semester
- 1
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Undervisninga vil vere på norsk eller engelsk.
- Ressursar
Emnebeskrivelse
MÃ¥l og innhold
Emnet tek sikte på å gi studentane fordjuping i aktuelle arkeologiske tema og periodar frå utviklinga av mennesket fram til 500 f.Kr. Når ressursane tillét det, vert det gitt undervisning i eitt eller fleire tema. Fordjupingstema kan variere, avhengig av undervisningskrefter og aktuell forsking. Studentane skal fordjupe seg i einskilde periodar eller tema knytt til arkeologiske problem på ein vitskapleg måte. For omtale av tema som vert tilbydd inneverande semester,.
³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheitar og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innanfor perioden fram til 500 f.Kr.
- kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
- kan oppdatere sin kunnskap innanfor fagområdet
- kjenner til fagområdet si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
- har god kunnskap innan og innsikt i fordjupingstemaet.
Ferdigheiter
Studenten:
- kan nytte fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar, og gjere greie for vala sine
- kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing
- kan finne, vurdere og henvise til informasjon og fagstoff og knytte dette til ein problemstilling kan nytte relevante faglige verktøy, teknikkar og uttrykksformar som er relevante for forskinga i perioden fram til 500 f.Kr.
- kan problematisere og nytte relevant fagterminologi og drøfte arkeologiske framstillingar innan temaet.
- kan vurdere og analysere litteratur og arkeologiske funn, og gjere sjølvstendige vurderingar.
Generell kompetanse
Studenten:
- har kunnskap om relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt aleine og som deltakar i gruppe i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan presentere sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformar
- kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innanfor fagområdet, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
- kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innanfor fordjupingstemaet
- kan setje seg inn i ein omfattande faglitteratur og formidle kunnskap og synspunkt derifrå, og kan gjere eigne vurderingar i skriftlege arbeid.
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
³ÕÃ¥°ù. Emnet vert tilbode uregelmessig.
Undervisningssted
Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen.
Anbefalte forkunnskaper
Gode kunnskapar i engelsk er viktig.
Studiepoengsreduksjon
-
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´. Dersom det er 5 eller færre pÃ¥melde studentar, kan emnet bli kansellert.
Arbeids- og undervisningsformer
6-10 forelesingar/seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
80 % deltaking på undervisninga er obligatorisk. Godkjend obligatorisk deltaking er gyldige i to semester etter det semesteret den vart godkjend.
Vurderingsformer
Heimeeksamen. Eksamen varar i 5 dagar og svaret skal vere på om lag 3000 ord.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk og/eller engelsk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Det vert nytta ein gradert karakterskala frå A til F.
Vurderingssemester
³ÕÃ¥°ù.
Studentar som har fått godkjend obligatorisk oppmøte i undervisningssemesteret, kan ta eksamen i påfølgjande undervisningsfrie semester.
Litteraturliste
Instituttet utarbeider pensumliste. Pensum er omlag 1200 sider. Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Emneansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap