ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er vegen å gå for deg som har fullført ein mastergrad og som ønskjer å bli lærar.

Bilde
Illustrasjonsbilde: Tre studenter sitter ute på benker ved et bord og prater.
Foto: Eivind Senneset

Du kan også søke opptak til PPU viss du har fullført bachelorgrad og minst to års relevant arbeidserfaring frå skulen. Unntak frå krav om mastergrad gjeld til og med opptak hausten 2029.

Kva er PPU?

PPU er eit eittårig påbyggingsstudium for deg som har ein mastergrad frå før, og som vil kvalifisere deg til å undervise frå femte trinn i grunnskulen til vidaregåande skule og vaksenopplæring.

Universitetet i Bergen tilbyr to ulike eittårige praktisk-pedagogiske utdanningar, heiltid:


PPU må ikkje bli forveksla med årsstudiet i pedagogikk, som ikkje kvalifiserer deg for læraryrket.

Kven kan søke PPU?

For å søke PPU treng du:

  • fullført mastergrad 
    eller
  • . Dette unntaket frÃ¥ krav om mastergrad gjeld til og med opptaket hausten 2029.


I tillegg må du ha:

  • Fagleg fordjuping i minst eitt undervisningsfag som ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ tilbyr fagdidaktikk i.
    Vi gjer merksam på at det ikkje er alle emne som blir tilbydt i ein eittfagsmodell, ei oversikt finn du lenka til over.
  • Minimum 60 studiepoeng i undervisningsfaget/-faga.
  • Eit snitt pÃ¥ minst C i undervisningsfaget/-faga som utgjer opptaksgrunnlaget. Karaktersnittet blir rekna ut pÃ¥ grunnlag av dei 60 studiepoenga som gir opptak.
  • Du mÃ¥ ogsÃ¥ levere gyldig politiattest ved semesterstart.

Sjå alle opptakskrava til PPU

Korleis søker du?

PPU startar kvar haust og har søknadsfrist 15. april. Du kan søke via Søknadsweb frÃ¥ 1. februar kvart Ã¥r.  

Kva inneheld studie og kva tittel får du?

Studiet inneheld pedagogikk (korleis å lære bort og oppdra), fagdidaktikk (djupare refleksjon om faget og korleis du underviser i faget) og 60 dagar praksis i ungdom- og vidaregåande skule. Gjennom studie får du undervisningskompetanse i eitt eller to undervisningsfag.

Her kan du lese meir om praksis i lektorutdanninga og PPU.

Med master og PPU vil du, som lærar, få tittelen lektor. Med bachelor og PPU vil du få tittelen adjunkt. 

Sist oppdatert: 13.04.2026