ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Midla kjem frÃ¥ programmet «», og skal brukast til Ã¥ hente kreftbiologen og nevrovitskapsforskaren Tracy-Ann Read til Bergen. Ho kjem frÃ¥ ei stilling ved Augusta University i USA og har lang erfaring med Ã¥ studere bÃ¥de kreftceller og nervesystemet. 

Totalt har CCBIO no fÃ¥tt 36 millionar kroner i ekstern finansiering til forsking pÃ¥ kreft og nervar – eit felt i rask vekst internasjonalt. 

Svulstar samhandlar med nervar

Tradisjonelt har kreftforsking hatt hovudfokus på sjølve kreftcellene. Men i dei seinare åra har forskarane blitt opptekne av «nabolaget» rundt svulsten – det såkalla tumormikromiljøet. Her finn vi mellom anna blodårer, bindevevsceller og immunceller. Svulstar kan også trekkje til seg nervar, påverke nervevekst og reagere på nervesignal på måtar som endrar åtferda til svulsten.

– Vi byrjar å skjøne at nervar spelar ei rolle i korleis svulstar utviklar seg og oppfører seg, forklarar professor Lars A. Akslen, leiar for CCBIO. – Denne kunnskapen kan vere viktig for å forstå kvifor nokre kreftformer er meir aggressive enn andre.

Dette perspektivet ligg til grunn for CCBIO si strategiske satsing på kreftnevrovitskap. Feltet samlar kreftbiologi, patologi, nevrovitskap og avansert vevsavbilding for å studere korleis kreftceller samhandlar med vevet rundt seg, særleg nervane.

Brystkreft og hjernen

Den nye rekrutteringa er tett knytt til eit pÃ¥gÃ¥ande forskingsprosjekt ved CCBIO om brystkreft, FRIPRO-prosjektet «When breast cancer hits a nerve – Neural involvement as a hallmark of tumor progression», leia av Akslen. Prosjektet undersøker kva som skjer nÃ¥r kreft pÃ¥verkar – og blir pÃ¥verka av – nervar. Eit sentralt spørsmÃ¥l er kvifor aggressive former for brystkreft ofte spreier seg til hjernen. Hjernen er nemleg det mest nerverike miljøet i kroppen. 

Tidlegare studiar ved CCBIO har vist at brystsvulstar med mange nervar («nervøse svulstar») oftare er meir aggressive, særleg ved trippel-negativ brystkreft. Likevel veit forskarane framleis lite om korleis dette skjer og kva det betyr for pasientane.

Når kreftceller blir «nervøse»

Eit av dei mest sentrale omgrepa i prosjektet er det forskarane kallar «epithelial-to-neural transition», forkorta ENT. Dette er ein hypotese om at kreftceller kan endre eigenskapar og bli meir nerve-liknande.

Tanken er at slike celler lettare kan kommunisere med nervar, flytte på seg og tilpasse seg nye miljø – til dømes hjernen ved spreiing.

For å undersøkje dette kombinerer forskarane pasientmateriale og svulstvev med avansert teknologi, som romleg kartlegging av gen og protein i vev (romleg omics), høgoppløyseleg avbilding og stamcellemodellar. Målet er å avdekkje nye mekanismar og finne markørar som på sikt kan gi betre diagnose og behandling.

Ein internasjonal ekspert vender attende til Bergen

Tracy-Ann Read har røter i Bergen. Ho tok doktorgrad i cellebiologi ved Universitetet i Bergen, med forsking pÃ¥ hjernesvulstar og nye behandlingsstrategiar. Seinare har ho arbeidd ved leiande forskingsinstitusjonar i USA, mellom anna Johns Hopkins University og Duke University. No arbeider ho ved Department of Neuroscience and Regenerative Medicine ved Medical College of Georgia, Augusta University, USA. 

Tracy-Ann Read sitting in her office.
Foto Tracy-Ann Read

I over 20 år har ho forska i kryssingspunktet mellom kreft og nevrovitskap. Ho er særleg kjend for arbeidet sitt med korleis kreftceller tilpassar seg mikromiljøet rundt svulsten, og korleis dei utnyttar nevrale nisjar for å vekse og spreie seg.

Den seinare tida har ho òg vist at protein som styrer cellebevegelse, spelar ei viktig rolle i mitokondria – cellene sine «kraftverk». Dette knyter saman cellebevegelse, energibalanse og cellehelse, og kan gi ny innsikt både i kreft og nevrologiske sjukdomar som ALS.

– Tracy Ann har ein erfaringskombinasjon som er svært sterk og særs relevant for dette forskingsfeltet, seier Akslen. – Bakgrunnen hennar innan kreftbiologi, nevrovitskap og eksperimentell modellering samsvarar godt med målet vårt for denne forskingsatsinga.

Eit forskingsfelt i vekst

Sjølv om mykje av forskinga no handlar om brystkreft, er nervar knytte til aggressiv sjukdom også ved fleire andre kreftformer, som prostata-, bukspyttkjertel- og magekreft.

– Kreftnevrovitskap er eit av dei mest spanande og raskt veksande felta internasjonalt, seier Akslen. – Det har stort potensial både for grunnforsking og klinisk bruk.

Med nytt tilskot, eit sterkt forskingsmiljø og ein erfaren forskar tilbake i Bergen, er CCBIO godt posisjonert til å ta ei leiande rolle i dette arbeidet.

–  MÃ¥let vÃ¥rt er Ã¥ byggje eit sterkt, tverrfagleg og konkurransedyktig forskingsmiljø. Ved Ã¥ forstÃ¥ korleis svulstar samhandlar med nervar og korleis vi kan forstyrre desse signala, kan vi pÃ¥ sikt identifisere nye biomarkørar og strategiar som kan betre presis diagnostikk og behandling, seier Akslen.

– Vi er svært takksame for støtta frå både Forskingsrådet og Kreftforeininga. Det gir oss høve til å ta forskinga vidare og stille heilt nye spørsmål om kva kreft eigentleg er og korleis vi kan angripe sjukdomen, avsluttar han.

Meir lesing

Du kan òg lese tidlegare artiklar: