ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Sosialantropologi (master)

Sosialantropologi handlar om sosialt og kulturelt mangfald i verda. Sosialantropologar set spørsmålsteikn ved vedtekne sanningar, og utforskar ulike måtar å leve, handle og tenke på. Vi går tett på livet til ulike menneske og analyserer lokale tilpassingar til globale endringsprosessar.

Kva lærer du?

Sosialantropologi gjev deg verktøy for Ã¥ forstÃ¥ den komplekse samtida vÃ¥r. Du fÃ¥r konkret, forskingsbasert kunnskap om menneske, kultur, politikk og samfunn verda over. Sosialantropologi gjev deg kunnskap og perspektiv til Ã¥ forstÃ¥ sosiale strukturar, konfliktar, maktrelasjonar og endringsprosessar pÃ¥ nye mÃ¥tar. Feltarbeidet gjev deg ein unik kompetanse og gjer deg til ekspert pÃ¥ Ã¥ utforske nye felt, analysere funn og kritisk diskutere vedtekne sanningar. PÃ¥ masterprogrammet lærer du Ã¥

  • fortolke, forstÃ¥ og formidle ulike perspektiv pÃ¥ verda, og stille nye spørsmÃ¥l i lys av ny kunnskap.
  • planlegge og gjennomføre ei sjølvstendig vitskapleg undersøking, inkludert langvarig feltarbeid i komplekse sosiale situasjonar.
  • arbeide sjølvstendig, strukturert og gjennomføre eit prosjekt.
  • utforme og løyse ulike problemstillingar og formidle kunnskap pÃ¥ tvers av kulturar og sosiale bakgrunnar.
Studiekvardag

I første semester har du forelesingar, seminar og du utviklar ditt eige forskingsprosjekt. Resten av studieløpet er sett av til di eiga forsking, i form av feltarbeid og skriving av masteroppgåva. Undervisninga er i hovudsak på norsk, medan litteraturen er på norsk og engelsk.

Som masterstudent i sosialantropologi ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ fÃ¥r du

  • tildelt fagleg rettleiar.
  • tre heile semester til di eiga forsking.
  • tilgang til lesesalplass pÃ¥ instituttet.
  • bli med i ei forskargruppe dersom andre ved instituttet forskar pÃ¥ liknande tematikk.

Feltarbeid i andre semester er obligatorisk og varer i fire til seks månader. Du kan gjere feltarbeid i heile verda, også i Noreg. Gjennom feltarbeidet får du både kulturell, sosial og politisk kunnskap og metodiske ferdigheiter som er nyttige erfaringar når du skal ut i jobb.

Du vel sjølv tema for masterprosjektet. Ut frå val av tema får du tildelt rettleiar.

Kva kan du jobbe som?

Sosialantropologar jobbar som kulturomsetjarar, for eksempel innanfor flyktning- og innvandringsfeltet,  og i offentleg administrasjon. Andre jobbar i næringslivet eller internasjonale organisasjonar, som Røde Kors eller FN. 

Nokon fÃ¥r jobb basert pÃ¥ generell samfunnsvitskapleg kompetanse, inkludert kvalitative metode, medan andre fÃ¥r jobb pÃ¥ grunnlag av spesialistkunnskapar om ein spesifikk region eller eit særskilt tema. 

Mobilitet av menneske, ting og informasjon på tvers av landegrenser har aldri vore større, samstundes som vi ser auka konfliktnivå og større sosial og økonomisk ulikskap.

Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (3.0)
Krev minimum snittkarakter C (3,0) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

Masterstudiet i sosialantropologi er eit toÃ¥rig fulltidsstudium, som startar i august.    

1. semester: 

SANT300 – Antropologisk kunnskapsproduksjon og etnografisk praksis (10 studiepoeng) 
SANT302 – Individuell prosjektutvikling (10 studiepoeng) 
Eit valfritt emne i aktuelle forskingstema ved instituttet (SANT310-X) (10 studiepoeng) 

2. semester: 

SANT320 – Praktisk metodekurs: Antropologisk feltarbeid (30 studiepoeng) 

3. og 4. semester: 

(60 studiepoeng)

Utveksling

Ein kan ikkje dra på utveksling og ta emne ved andre universitet i løpet av masterstudiet, men feltarbeidet kan utførast kor som helst i verda og gjev ein unik moglegheit til kulturutveksling.

Som førebuing til feltarbeidet kan ein ta eit språkkurs i landet der ein skal gjere feltarbeid, og få språkstipend frå Lånekassen.

Vidare studiemoglegheiter

Med mastergrad i sosialantropologi kan ein søke seg vidare på ph.d.-studiar (forskarutdanning), både innan sosialantropologi og i enkelte tverrfaglege studium. Dersom ein har to undervisningsemne i graden sin, kan ein med påfølgande eittårig praktisk-pedagogisk utdanning også bli lektor.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 98 50
E-post: studieveileder.sosantr@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i sosialantropologi

Lenke til video