ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Samfunnsøkonomi (profesjon)

Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi er eit integrert 5-årig masterprogram. Det gir deg ei sterkare spesialisering i økonomiske fag med meir vekt på metode og analyse enn bachelor- og masterprogrammet i samfunnsøkonomi. Ein mastergrad i samfunnsøkonomi gir ei solid og brei fagleg fordjuping i faget.

Kva lærer du?

PÃ¥ profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi lærer du 

  • korleis vi kan analysere økonomiske prosessar i samfunnet
  • korleis ein gjer sjølvstendige samfunnsøkonomiske analysar, blant anna gjennom sjølv Ã¥ utforme og gjennomføre bÃ¥de ei bachelor- og masteroppgÃ¥ve
  • korleis jobbe analytisk og fÃ¥ brei kompetanse i mikroøkonomi, makroøkonomi og økonometri 

Med ei brei forstÃ¥ing av tal, analyse og økonomiske samanhengar blir du godt rusta til Ã¥ møte arbeidslivet. 

Studiekvardag

Som samfunnsøkonomistudent høyrer du til Det samfunnsvitskaplege fakultet. Du kan bruke lesesalar i Ulrike Pihls hus eller i Lauritz Meltzers hus. Biblioteket ved SV-fakultetet har ogsÃ¥ leseplassar og PC-plassar. NÃ¥r du arbeider med masteroppgÃ¥va kan du fÃ¥ din eigen lesesalplass pÃ¥ Institutt for økonomi. 

Instituttet har sterke fagmiljø innan blant anna anvendt mikroøkonometri, konkurranseøkonomi og regulering. Som profesjonsstudent fÃ¥r du god kontakt med den faglege staben pÃ¥ instituttet, spesielt nÃ¥r du er pÃ¥ masternivÃ¥. 

Studiet er eit fulltidsstudium. Det er rundt 10-14 timar i veka med undervisningsaktivitetar som forelesingar, seminargrupper og øvingar. Utover dette er det sjølvstudium som gjeld. Profesjonsstudentane har fleire seminar i sentrale fag enn dei andre studentane pÃ¥ bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi. 

Dersom du vil ha praksis i løpet av studiet, kan du velje ECON381. 

Kva kan du jobbe som?

Samfunnsøkonomar er ettertrakta pÃ¥ arbeidsmarknaden. Som ferdig utdanna kan du rekne med godt betalte og utfordrande jobbar innan ei rekke ulike bransjar: 

  • Departement, direktorat, Norges Bank, kommune, fylkeskommune og andre deler av offentleg forvaltning
  • Utanrikstenesta
  • Privat næringsliv som bank, konsulentbransjen, oljebransjen eller industrien
  • Forsking og undervisning
  • Konsulentorganisasjonar innan analyse og utgreiing
  • Nasjonale organisasjonar  som LO, NHO
  • Internasjonale organisasjonar som EU, FN, OECD 
Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 53.1
Primær kvote: 51.1

I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: MATRS

Generell studiekompetanse i tillegg til Matematikk R1 eller S1 og S2.

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi er eit integrert 5-Ã¥rig masterprogram (10 semester). Dette svarer til ein treÃ¥rig bachelorgrad etterfølgt av ein toÃ¥rig mastergrad. 

Slik er studiet lagt opp: 

1. semester 

ECON100 – Innføring i samfunnsøkonomi (10 studiepoeng) 
ECON140 – Matematikk for økonomar (10 studiepoeng) 
 Examen philosophicum – seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng)

2. semester

ECON110 – Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteori (10 studiepoeng) 
ECON130 – Makroøkonomi (10 studiepoeng) 
ECON240 – Statistikk og økonometri (10 studiepoeng)

3. semester 

ECON210 – VideregÃ¥ande mikroøkonomi (10 studiepoeng) 
ECON243 – VidaregÃ¥ande matematikk og optimering (10 studiepoeng) 
ECON244 – Anvendt økonometri (10 studiepoeng)

4. semester 

Frie studiepoeng / utveksling (30 studiepoeng)

5. semester 

ECON310 – Mikroøkonomisk analyse (10 studiepoeng) 
ECON340 – Økonometri I (10 studiepoeng) 
ECON230 – Internasjonal makroøkonomi (10 studiepoeng)

6. semester 

ECON290A – BacheloroppgÃ¥ve (10 studiepoeng) 
To valemne i samfunnsøkonomi (til saman 20 studiepoeng) 

7. semester

ECON330 – Makroøkonomisk analyse (10 studiepoeng) 
ECON381 – Praksisbasert prosjektarbeid (20 studiepoeng) eller to valemne i samfunnsøkonomi pÃ¥ masternivÃ¥ (til saman 20 studiepoeng) 

8. semester

Tre valemne i samfunnsøkonomi pÃ¥ masternivÃ¥ / utveksling (til saman 30 studiepoeng) 

9. semester

ECON380 – Forberedelsesemne for masteroppgÃ¥va (10 studiepoeng) 
To valemne i samfunnsøkonomi pÃ¥ masternivÃ¥ (til saman 20 studiepoeng) 

10. semester

ECON391 – Masteroppgåve (30 studiepoeng)

 

For dei som vil ha ei tydeleg fordjuping i løpet av studiet, har instituttet laga to anbefalte fagprofilar. 

Utveksling

Du kan reise pÃ¥ utveksling i eitt eller to semester. Vi anbefaler Ã¥ reise ut i fjerde og/eller Ã¥ttande semester. Instituttet har fleire spennande utvekslingsavtalar i blant anna USA, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Italia, Portugal, Spania, mfl. 

Vidare studiemoglegheiter

Etter at du har tatt profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi, kan du søke opptak til forskarutdanninga og ta ein doktorgrad (ph.d.). Dette gjer deg endå meir attraktiv på arbeidsmarknaden, ikkje minst dersom du ønsker å gå vidare innan akademia eller forsking.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 92 00
E-post: studieveileder.econ@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Profesjonsstudium i samfunnsøkonomi