Samfunnsøkonomi (bachelor)
Samfunnsøkonomi handlar om korleis individ, bedrifter, styresmakter og nasjonar tar og bør ta avgjersler om bruk og fordeling av samfunnets ressursar. Faget gir deg metodar til å forstå og analysere komplekse samfunnsutfordringar.
- Varigheit
- 3 år
- Studieplassar
- 101
- Studiepoeng
- 180
- Studiestart
- Haust
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Norsk og engelsk
Kva lærer du?
Med ein bachelorgrad i samfunnsøkonomi får du
- kunnskap om dei grunnleggande metodane for samfunnsøkonomiske analysar
- kompetanse i mikroøkonomi, makroøkonomi og økonometri
- kjennskap til struktur og organisering av norsk og internasjonal økonomi
- bruke teori og empiri til å analysere samfunnsøkonomiske problemstillingar
Studiekvardag
Som bachelorstudent i samfunnsøkonomi blir du del av eit godt studentmiljø. Studiet har ei aktiv studentforeining som sikrar godt samhald mellom studentane, og som jobbar tett med instituttet for å sikre eit godt læringsmiljø.
Bachelorprogrammet er eit studium på fulltid. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha 10 timar med undervisning i form av forelesingar, seminargrupper og praktiske øvingar. I tillegg skal du skrive ei bacheloroppgåve om eit sjølvvalt tema.
Som student på samfunnsøkonomi vil du halde til på campus på Nygårdshøyden i Bergen sentrum. Lesesalplassar og PC-salar for studentar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet er tilgjengelege i Ulrike Pihls hus. Biblioteket ved SV-fakultetet har også leseplassar og PC-plassar.
Kva kan du jobbe som?
Samfunnsøkonomar arbeider ofte med analyse- og utgreiingsoppgåver, innan forsking og undervisning, som valutahandlarar eller innan formuesforvaltning i finansinstitusjonar. Mange går etter kvart inn i leiande stillingar i næringslivet eller i offentleg forvaltning. Ein del arbeider utanlands, særleg i internasjonale organisasjonar, i utviklingshjelp og i utanrikstenestene.
Innanfor privat næringsliv arbeider mange i bankar og andre finansinstitusjonar, i dei største industri- og oljeselskapa og i konsulentfirma.
Tar du ein mastergrad i samfunnsøkonomi, står du enda sterkare på arbeidsmarknaden.
Opptakskrav og søknadsfrist
I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.
I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.
Generell studiekompetanse i tillegg til gjennomsnittskarakter 4 eller betre i matematikk, eller bestått anten S1, S2, R1 eller R2.
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk og engelsk
Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.
Studiets oppbygging
Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. Slik er studiet lagt opp:
1. semester
ECON100 – Innføring i samfunnsøkonomi (10 studiepoeng)
ECON140 – Matematikk for økonomer (10 studiepoeng)
Valemne innan samfunnsøkonomi (10 studiepoeng)
2. semester
ECON110 – Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteori (10 studiepoeng)
·¡°ä°¿±·130&²Ô²ú²õ±è;–&²Ô²ú²õ±è;²Ñ²¹°ì°ù´Çø°ì´Ç²Ô´Ç³¾¾± (10 studiepoeng)
ECON240 – Statistikk og økonometri (10 studiepoeng)
3. semester
ECON210 – Videregåande mikroøkonomi (10 studiepoeng)
ECON230 – Makroøkonomi II (10 studiepoeng)
ECON244 – Anvendt økonometri (10 studiepoeng)
4. semester
Utveksling/ frie studiepoeng (30 studiepoeng)
5. semester
Frie studiepoeng (20 studiepoeng)
Examen philosophicum – seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng)
6. semester
ECON290A – Bacheloroppgåve (10 studiepoeng)
Ett valemne innan samfunnsøkonomi (10 studiepoeng)
Frie studiepoeng (10 studiepoeng)
Heile bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng. Av desse er 100 studiepoeng spesialisering i samfunnsøkonomi, og 60 studiepoeng er såkalla frie studiepoeng. Her kan du velje emne ut frå interesse og relevans for vidare utdanning eller yrkesplanar. eller dra på utveksling i utlandet. Tema for bacheloroppgåva er valfritt. Slik kan du forme innhald og oppbygging av graden din.
For dei som vil ha ei tydeleg fordjuping i løpet av studiet, har instituttet laga to anbefalte fagprofilar:
Utveksling
Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester. Vi anbefaler å reise ut i fjerde semester. Du kan reise til USA, Storbritannia, Frankrike, Spania, mfl. Reiser du på utveksling eit heilt år, kan du ta ex.phil. i første semester og valemne innan samfunnsøkonomi på utveksling.
Vidare studiemoglegheiter
Etter bachelorgraden kan du bygge pÃ¥ med ein mastergrad i samfunnsøkonomi ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´, som vil gjere at du vil stÃ¥ sterkt pÃ¥ arbeidsmarknaden. Du kan ogsÃ¥ søke opptak pÃ¥ eit masterstudium i utlandet.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.