ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Lektor i nordisk (integrert master)

Kunnskap om norsk språk og litteratur er viktig for å forstå oss sjølv og vår samtid. På lektorutdanninga får du ei brei innføring i nordiske forfattarskap, litteraturteori og språkvitskap. Du lærer korleis formidle kunnskapen til elevar på ein måte som vekker leselyst og stimulerer til refleksjon.

Kva lærer du?

Nordiskstudiet tar for seg litteratur og språk frå både eldre og nyare tid. Du lærer om korleis dei nordiske språka har utvikla seg, om moderne norsk språk og ulike språklege fenomen. Du lærer òg om samanhengen mellom språk og samfunn, og om å ha norsk som andrespråk. Du får ei brei innføring i dei mest sentrale verka i nordisk litteratur. Du lærer om dei litterære sjangrane og den litteraturhistoriske utviklinga frå sagalitteratur til samtidslitteratur. I tillegg lærer du å tolke og analysere litterære tekstar.

Studiet gir deg grunnlag for Ã¥ undervise i to fag. Du tar master i nordisk og vel eit anna fag i tillegg. Det kan vere engelsk, fransk, tysk, spansk, historie, religionsvitskap, sosiologi eller politikk og forvaltning.  Studiet inneheld pedagogikk (korleis vi lærer bort og oppdrar), fagdidaktikk (korleis vi lærer og underviser fag) og praksis i skolen allereie frÃ¥ første semester

Studiekvardag

I studiet vil du saman med andre lektorstudentar møte faga dine som skolefag gjennom teori og praksis. Du vil òg møte faga som universitetsfag saman med studentar pÃ¥ andre program. Praksisperiodane er obligatoriske og fordelt gjennom studiet. Der fÃ¥r du undervise i skolen og lære ulike mÃ¥tar Ã¥ formidle kunnskap pÃ¥. Det siste Ã¥ret av studiet skal du skrive ei masteroppgÃ¥ve. Gjennom masteroppgÃ¥va fÃ¥r du  moglegheit til Ã¥ forske sjølv og fordjupe deg innanfor eitt omrÃ¥de. 

Lektorprogrammet har eit godt miljø, med sterkt samhald gjennom heile studiet.  

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. Her finn du òg samlingsrommet «Lektors kontor», der lektorstudentane kan øve på undervisningsmetodar og samarbeide i grupper.

Kva kan du jobbe som?

Lektorutdanning gjer deg først og fremst kvalifisert til jobb i den vidaregÃ¥ande skolen eller i ungdomsskolen. Det er stort behov for lektorar i skolen, og lektorar frÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ er kjent for Ã¥ ha solid fagleg tyngde. Utdanninga gir deg grunnlag for undervisning i to fag.  

Utdanninga opnar òg for jobb utanfor skolen med for eksempel formidling, forsking, kommunikasjon og leiing.

Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: LÆRALT

Det er to alternative måter å dekke opptakskravet på.

Du må enten dokumentere:

  • gjennomsnittskarakter 3 eller bedre i norsk (393 timer) og
  • gjennomsnittskarakter 4 eller bedre i matematikk (224 timer) og
  • minst 35 skolepoeng

eller

  • gjennomsnittskarakter 3 eller bedre i norsk (393 timer) og
  • gjennomsnittskarakter 3 eller bedre i matematikk (224 timer) og
  • minst 40 skolepoeng

Du dekker også karakterkravet i matematikk hvis du har bestått ett av følgende programfag: S1, S2, R1 eller R2.

Ved opptak til studiet må du legge fram politiattest.

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

Lektorutdanninga gÃ¥r over 5 Ã¥r og gir mastergrad. Dei fire første Ã¥ra fÃ¥r du undervisning i didaktikk og pedagogikk i tillegg til i dei to undervisningsfaga. Du fÃ¥r òg vere i praksis i skolen dei fire første Ã¥ra. I det femte Ã¥ret skriv du masteroppgÃ¥va.  Studiet er bygt opp slik: 

1. semester 

Examen philosophicum (10 studiepoeng) 

Pedagogikk (10 studiepoeng) 

Nordisk (10 studiepoeng) 

Praksis i skolen (10 dagar) 

2. semester 

Nordisk (30 studiepoeng) 

3. semester 

Det andre undervisningsfaget (20 studiepoeng)  

Fagdidaktikk i nordisk (10 studiepoeng) 

Praksis i skolen (10 dagar) 

4. semester 

Det andre undervisningsfaget (30 studiepoeng) 

5. semester 

Nordisk (10 studiepoeng) 

Fagdidaktikk i det andre undervisningsfaget (10 studiepoeng) 

Pedagogikk (10 studiepoeng) 

Praksis i skolen (35 dagar) 

6. semester

Nordisk (20 studiepoeng) 

BacheloroppgÃ¥ve i det andre undervisningsfaget (10 studiepoeng) 

7. semester (masternivÃ¥) 

Masteremne i nordisk (30 studiepoeng) 

8. semester 

Masteremne i nordisk (20 studiepoeng) 

Fagdidaktikk i nordisk (10 studiepoeng) 

Praksis i skolen (35 dagar) 

9. og 10. semester 

MasteroppgÃ¥ve i nordisk (60 studiepoeng) 

Utveksling

Du kan reise pÃ¥ utveksling i fjerde eller sjette semester. ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ har avtalar med ei rekke universitet i Europa og elles i verda. Eit utvekslingsopphald vil gi deg fagleg, kulturell og sprÃ¥kleg erfaring som du kan bruke i klasserommet. Vi hjelper deg med planlegginga. 

Vidare studiemoglegheiter

Med lektorutdanning har du òg ein mastergrad som kan kvalifisere til søknad til ph.d.-program. Du kan bygge på utdanninga ved å ta 60 studiepoeng i eit anna skolefag, slik at du kan undervise i fleire fag. Det finst også ulike moglegheiter for etter- og vidareutdanning, for eksempel innan spesialpedagogikk, skoleleiing og kollegarettleiing. 

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 93 82
E-post: lektor@hf.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Lektorutdanning med master i nordisk