ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Kunstig intelligens (bachelor)

I kunstig intelligens lærer du å programmere og korleis vi kan lage program som oppfører seg intelligent. Med ein bachelorgrad får du kraftige verktøy til å skape innovative løysingar og bidra til verdiskaping.

Kva lærer du?

Som student lærer du kva intelligente maskinar er og korleis dei blir til. Du vil bruke datakunnskap og informasjonsvitskap til Ã¥ lære datamaskinar Ã¥ løyse oppgÃ¥ver som vanlegvis krev menneskeleg intelligens.  

NÃ¥r teknologien blir brukt pÃ¥ stadig fleire omrÃ¥de, mÃ¥ vi stille større krav til etikk og berekraft. Ein bachelorgrad i kunstig intelligens gir deg kraftige verktøy for innovasjon og verdiskaping innan alt i frÃ¥ spelutvikling og investeringsanalysar til miljøvennleg byplanlegging og betre offentlege tenester. 

I kunstig intelligens er vi interesserte i korleis maskinar kan lære frÃ¥ eksempel og korleis vi kan 

  • framvise informasjon og kunnskap slik at ein maskin kan dra nytte av han
  • spesifisere eit problem og lage automatiske løysingar
  • automatisere avgjerder og samhandling mellom menneske og maskin
  • sikre at teknologi vert brukt til det beste for enkeltmenneska
Studiekvardag

Du blir del av eit godt og aktivt studentmiljø ved Det samfunnsvitskaplege fakultet.  

Mykje av undervisninga vil gÃ¥ føre seg pÃ¥ SV-bygget, i realfagsbygget og Høyteknologisenteret. Du har tilgang pÃ¥ lesesalar og datalabar bÃ¥de pÃ¥ SV-fakultetet og pÃ¥ NT-fakultetet pÃ¥ NygÃ¥rdshøyden i Bergen sentrum.  

Du blir dessutan ein del av eit større studentmiljø på Institutt for informasjons- og medievitskap. Her vert det arrangert festar, quiz og bedriftspresentasjonar gjennom studentane sitt eige fagutval.

I eit typisk semester tar du tre emne. Kvart emne har vanlegvis ei forelesing i veka. Du har ogsÃ¥ lab eller seminar i smÃ¥ grupper to gonger kvar veke.  PÃ¥ lab gjer du praktisk programmering pÃ¥ datamaskin med hjelp frÃ¥ ein lab-assistent. PÃ¥ seminar løyser du oppgÃ¥ver ved bruk av teoretiske verktøy. 

Kva kan du jobbe som?

Kunstig intelligens er no i den spede starten pÃ¥ Ã¥ bli ein del av dagleglivet vÃ¥rt. Ferdigheiter innan kunstig intelligens er i ferd med Ã¥ vere avgjerande for utvikling av nesten alle typar programvare - du kan arbeide som programvare- eller produktutviklar for KI-relaterte produkt.  

Kompetanse innan programmering og kunstig intelligens er etterspurt i alle sektorar. Kunstig intelligens kombinert med kurs i matematikk, praktisk datamaskinprogrammering og samfunnsvitskapgir deg ein brei kompetanse som er aktuell på tvers av mange sektorar.

Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 53.2
Primær kvote: 44.8

I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: MATRS

Generell studiekompetanse i tillegg til Matematikk R1 eller S1 og S2.

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

Bachelorgraden i kunstig intelligens er eit treårig fulltidsstudium som startar i august.


1. semester, haust

AIKI100 – Innføring i kunstig intelligens (10 studiepoeng)

INFO132 – Innføring i programmering (10 studiepoeng)

MAT101 – Brukarkurs i matematikk I (10 studiepoeng)


2. semester, vår

AIKI110 – Kunstige agentar (10 studiepoeng)

INFO104 – Formelle metodar for informasjonsvitskap (10 studiepoeng)

MAT121 â€“ Lineær algebra (10 studiepoeng)


3. semester, haust

INFO180 – Metodar i kunstig intelligens (10 studiepoeng)

INFO282 – Knowledge Representation and Reasoning (10 studiepoeng)

STAT110 – Grunnkurs i statistikk (10 studiepoeng)


4. semester, vår

Utvekslingssemester / Frie studiepoeng (30 studiepoeng)


5. semester, haust

AIKI210 â€“ AI Ethics (10 studiepoeng)

INF264 – Introduction to Machine Learning (10 studiepoeng)

Examen philosophicum – seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng) 


6. semester, vår

AIKI200 â€“ Bachelor Thesis in Artificial Intelligence (10 studiepoeng)

Valemne i spesialiseringa (20 studiepoeng)


PÃ¥ bachelorprogrammet er dei fleste emna (faga) obligatoriske, men graden inneheld ogsÃ¥ frie studiepoeng, der du kan velje fag sjølv. Du kan ogsÃ¥ ta spesialisering innan informatikk eller informasjonsvitskap.  I det fjerde semesteret er det tilrettelagt for Ã¥ reise pÃ¥ utveksling eller ta frie studiepoeng. Dette gir deg moglegheiter til Ã¥ forme graden din ut frÃ¥ eigne interesser.

Tatt opp på bachelorprogrammet før 2025? .

Utveksling

I det fjerde semesteret anbefaler vi deg Ã¥ reise pÃ¥ utveksling. Dersom du ikkje vel Ã¥ reise ut, kan du ta frie studiepoeng ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ som ikkje overlappar med dei obligatoriske emna i programmet.

Vidare studiemoglegheiter

Du kan gå vidare med ein mastergrad i informatikk, informasjonsvitskap eller andre relaterte fag, mot ein karriere innan forsking, undervisning eller konsulentverksemd.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55 58 98 50
E-post: studieveileder.ifi@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i kunstig intelligens