ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Geofag og informatikk (bachelor)

Geofag og informatikk passar for deg som er opptatt av jordkloden og av korleis vi bruker og endrar naturen rundt oss. Hos oss får du bruke moderne teknologi, dataanalyse og kunstig intelligens til å bidra til berekraftig forvaltning av naturressursar, og til å kartlegge risiko for naturfarar.

Kva lærer du?

Dette er eit unikt studium som gir deg brei kompetanse innan geofag, informatikk og geomatikk.  

Studiet er relevant for deg som er interessert i geofag, dataanalyse og kunstig intelligens. Du lærer om korleis jorda er bygt opp og korleis ho har utvikla seg over tid. I tillegg vil du lære om korleis du samlar inn, analyserer og bruker geodata, og om korleis du bruker informatikk til Ã¥ løyse geofaglege problem. 

Studiet gir deg moglegheiter til Ã¥ jobbe med ei rekke ulike problemstillingar, for eksempel: 

  • miljøovervaking og klimaendringar
  • byutvikling og planlegging
  • naturressursforvaltning
  • økonomi og samfunnsplanlegging
  • programmering og kunstig intelligens  

Bachelorstudiet i geofag og informatikk er eit framtidsretta studium som gir deg kompetanse som er ettertrakta i arbeidslivet. 

Studiekvardag

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga pÃ¥ NygÃ¥rdshøyden midt i Bergen sentrum, med tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kaféar og studentbarar.  

Bachelorprogrammet i geofag og informatikk er eit studium pÃ¥ fulltid, som vil seie 35-40 timar i veka.  

PÃ¥ studiet deltar du i ei rekke ulike former for undervisning, som praktiske øvingar, programmering, feltundervisning, gruppeprosjekt og forelesingar. Du vil òg bli introdusert til datainnsamling i felt, der vi bruker moderne teknologiske hjelpemiddel som dronar (UAVar) og Lidar (optisk fjernmÃ¥ling).  

Studiet har eit Ã¥rleg studentopptak pÃ¥ 20-25 studentar. Dermed blir du del av eit kull som er lite nok til at alle kjenner alle. Du vil òg bli del av eit større studentmiljø ved Institutt for geovitskap, som er kjent for sosial og fagleg trivsel. 

Kva kan du jobbe som?

Studiet gir deg brei kompetanse innan realfag, programmering, problemløysing og bruk av teknologi, noko som gjer deg godt rusta til Ã¥ møte framtidas skiftande utfordringar. Nokre aktuelle omrÃ¥de der behovet for denne typen kompetanse allereie er stort, er:     

  • kartverk
  • forvaltning av areal (departement, fylke eller kommune)
  • berekraftig utvinning og bruk av energi- og ressursar (energinæringa)
  • risikokartlegging og førebygging av geofarar i statlege føretak og i konsulentbransjen
  • transportbransjen
  • kartlegging av effekten av klimaendringer
Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: REALFA

Generell studiekompetanse i tillegg til Matematikk R1 (eller S1 og S2). Du må også ha anten:

  • Matematikk R2
  • Fysikk 1 og 2
  • Kjemi 1 og 2
  • Biologi 1 og 2
  • Informasjonsteknologi 1 og 2
  • Geofag 1 og 2
  • Teknologi og forskingslære 1 og 2

Generell studiekompetanse og REALFA: Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og eitt av følgande krav:

Matematikk R2 eller
Fysikk 1 og 2 eller
Kjemi 1 og 2 eller
Biologi 1 og 2 eller
Informasjonsteknologi 1 og 2 eller
Geofag 1 og 2 eller
Teknologi og forskningslære 1 og 2

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

Bachelorprogrammet i geofag og informatikk er eit treÃ¥rig fulltidsstudium som startar i august. Ex. Phil. (examen philosophicum) er eit introduksjonsemne som høyrer til i alle bachelorprogramma ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.   

Dei tre første semestera pÃ¥ studiet tar du dei same, obligatoriske emna som dine medstudentar. FrÃ¥ og med fjerde semester har du moglegheit til Ã¥ velje mellom valfrie emne (fag). Desse valbare emna kan du bruke til Ã¥ fordjupe deg innan eitt av fleire tema som er sentrale i studiet, som for eksempel geologi, programmering eller geografiske informasjonssystem. Du kan ogsÃ¥ fullføre emne som førebur deg til eit spesielt masterstudium, eller berre velje fritt ut  frÃ¥ eigne interesser. 

Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste pÃ¥ heimesida til kvart emne. 

Semesterplan 

1. semester

(10 studiepoeng)

(10 studiepoeng) eller (10 studiepoeng)

(10 studiepoeng) 

2.semester 

(10 studiepoeng)

INF100 - Programmering 1 (10 studiepoeng)

(10 studiepoeng) 

3. semester

(10 studiepoeng)

(10 studiepoeng)

ExPhil seminarmodell eller eksamensmodell (10 studiepoeng) 

4.semester

(10 studiepoeng)

(10 studiepoeng)

Valemne (10 studiepoeng)

5. semester

(10 studiepoeng)

(10 studiepoeng) eller (10 studiepoeng)

Valemne (10 studiepoeng)

6.semester

Valemne eller utveksling (30 studiepoeng)

Dei semestera ein har valemne kan ein velje Ã¥ fordjupe seg meir i geovitskaplege emne, informatikkemne, eller geografiske emne.   

Utveksling

Vi anbefaler Ã¥ reise pÃ¥ utveksling i sjette semester. Du kan blant anna reise til vÃ¥re samarbeidsuniversitet i Tsjekkia, Tyskland, Spania, Hellas eller Storbritannia, eller velje fritt blant dei andre sentrale utvekslingsavtalane som ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ har.  

Det er òg mogleg Ã¥ fullføre enkeltemne eller eit heilt semester pÃ¥ Universitetssenteret pÃ¥ Svalbard (UNIS). 

Vidare studiemoglegheiter

Etter fullført bachelor kan du gå vidare til ein mastergrad i geovitskap, informatikk, informasjonsvitskap eller geografi, gitt at du har valt å fullføre emna som krevst.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: + 47 55 58 30 30
E-post: studieveileder@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i geofag og informatikk