ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Fysikk (bachelor)

Fysikk er for deg som er interessert i heile naturen, frå det indre i atomkjernane til dei fjernaste galaksane. Fysikk er opptatt av å finne svaret på fundamentale spørsmål om naturen. Fysikk forklarer naturfenomen og dannar grunnlaget for nesten all ny teknologi som skaper framtida vår.

Kva lærer du?

PÃ¥ bachelorstudiet fÃ¥r du brei kompetanse innan fysikk og teknologi og gjer deg godt rusta til eit arbeidsliv i stadig endring. Du vil lære teori, teknologi og analytiske ferdigheiter som er relevante for medisin, forsking og teknologisk innovasjon, samt omrÃ¥der som strategi, forvaltning og økonomi, IT og mediebransjen.  

Som fysikkstudent fÃ¥r du djupt innblikk i fysiske prosessar i naturen gjennom ei kombinasjon av teori, eksperiment og modellar, som er relevante for forsking og industri. Du lærer om alt ifrÃ¥ atomkjernar og elementærpartiklar, til sola og universet.  

Studiet avsluttast med ei prosjektoppgåve, der du kan arbeide med eit tema som interesserer deg. Her vil du lære å samle inn, analysere og presentere data i eit vitskapleg format.

Ein utdanna fysikar kan løyse komplekse problem, har gode matematiske kunnskapar og kan programmere, noko som gjer deg attraktiv i arbeidsmarkedet.

Studiekvardag

Bachelorstudiet i fysikk er eit studium pÃ¥ fulltid, der du bruker om lag like mykje tid pÃ¥ studia som pÃ¥ ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.  Ei studieveke bestÃ¥r normalt av 40 arbeidstimar der ei typisk veke vil innehalde forelesingar, seminargruppe, laboratorium, praktiske øvingar og sjølvstudium. 

Alle fag har oftast minst ein obligatorisk aktivitet, men undervisninga er sjeldan obligatorisk. Av 180 studiepoeng er 50 studiepoeng valfrie, altså kan du sjølv velje dei faga som du interesserer deg for.

Som fysikkstudent høyrer du til Institutt for fysikk og teknologi. Vi held til pÃ¥ fysikkbygget der du som bachelorstudent har eigen lesesal og rom til studiar og sosiale aktivitetar.  Elles finn du og lesesalar og bibliotek i Realfagbygget som er rett ved sida av. 

PÃ¥ instituttet har vi eit levande og godt studentmiljø og ei aktiv studentforeining. 

Kva kan du jobbe som?

Med ei fysikkutdanning er du allsidig og kan fÃ¥ arbeid innanfor fleire sektorar. Tidlegare studentar frÃ¥ oss finn du hos European Space Agency, CERN, Apple, Haukeland Sjukehus, Equinor, Texas Instruments, Høgskulen pÃ¥ Vestlandet med meir. 

ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og Institutt for fysikk og teknologi byr og pÃ¥ masterstudium i relevante spesialiseringar til ein som har bachelor i fysikk. Dermed er du med ei fysikkutdanning veleigna til fleire roller i samfunnet i dag.

Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: REALR2

Generell studiekompetanse og Matematikk R1 (eller S1 og S2) og R2. I tillegg anten:

  • Fysikk 1 og 2
  • Kjemi 1 og 2
  • Biologi 1 og 2
  • Informasjonsteknologi 1 og 2
  • Geofag 1 og 2
  • Teknologi og forskingslære 1 og 2

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

1. semester

(10 studiepoeng) 

(10 studiepoeng) 

(10 studiepoeng) 

2. semester

(10 studiepoeng) 

(10 studiepoeng) 

(10 studiepoeng) 

3. semester

(10 studiepoeng) 

(10 studiepoeng) 

(10 studiepoeng) 

4. semester

(10 studiepoeng) 

(10 studiepoeng) 

(10 studiepoeng) 

5. semester

Valfritt emne (10 studiepoeng) 

eller PHYS119 - Moderne fysikk (10 studiepoeng) 

Eksamen philosophicum (, 10 studiepoeng) 

6. semester

PHYS299 - BacheloroppgÃ¥ve i fysikk (10 studiepoeng) 

Valfrie emne (20 studiepoeng) 

Utveksling

Du kan reise pÃ¥ utveksling i sjette semesteret. Du kan reise til vÃ¥re samarbeidsuniversitet i Canada, USA, Australia, England, Kina, Tyskland eller dei nordiske landa. Du kan og søke pÃ¥ Teknisk Student Programmet pÃ¥ CERN, og vere eit heilt Ã¥r pÃ¥ verdas største fysikklaboratorium rett utanfor Geneve.

Vidare studiemoglegheiter

ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ tilbyr masterstudium i fysikk ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ innan ei rekke fagomrÃ¥de. Du kan òg søke opptak til masterstudium i fysikk ved andre universitet i Noreg og i utlandet. Har du lyst til Ã¥ bli lærar pÃ¥ kan du ta praktisk-pedagogisk utdanning innan fysikk og matematikk.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55583030
E-post: studie.fysikk@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i fysikk