ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Biologi (bachelor)

Er du interessert i biologi? Vil du lære meir om naturen og korleis levande organismar fungerer? Har du lyst til å lære biologi gjennom aktiv undervisning og praktisk lab- og feltarbeid? Då er bachelorprogrammet i biologi noko for deg!

Kva lærer du?

PÃ¥ bachelorprogrammet i biologi fÃ¥r du utforske korleis livet faktisk fungerer, heilt frÃ¥ DNA og celler til artar, økosystem og evolusjon. 

Du får reise på feltkurs og jobbe tett på naturen – samle inn data, identifisere artar og forstå biologiske prosessar der dei skjer. I laboratoriet undersøkjer du ulike organismer, tester hypotesar, analyserer prøver og bruker moderne metodar innan genetikk og fysiologi.

Du blir god til Ã¥ stille spørsmÃ¥l, finne pÃ¥litelege svar og presentere resultata dine bÃ¥de skriftleg og munnleg. Du lærer Ã¥ vurdere etiske problemstillingar, bruke forskingslitteratur kritisk, og planleggje og gjennomføre prosjekt saman med andre. Du kommer til Ã¥ sjÃ¥ biologiske problemstillingar i ein større samanheng og forstÃ¥ utfordringar knytt til naturkrise, klimaendringar og berekraft. 

Dette gir deg eit sterkt og tverrfagleg grunnlag for vidare studium, forskning eller jobb.

Studiekvardag

Du vil høyre til eit engasjert fagmiljø med tett kontakt mellom studentar, undervisarar og forskarar. Du møter bÃ¥de molekylærbiologar, mikrobiologar, zoologar, botanikarar og økologar i løpet av studietida. Bergen ligg strategisk til mellom fjell og fjord, med marine miljø og forskingsinstitutt tett pÃ¥. Det gir deg unike moglegheiter til Ã¥ oppleve biologi utanfor campus og bli kjent med andre som deler interessene dine.   

Studiet er eit fulltidsstudium, og ei vanleg veke bestÃ¥r av førelesningar, studentaktiv undervisning, gruppearbeid, felt- og laboratoriearbeid. 

Du har tilgang til ein felles lesesal, men det er mange ulike arbeidsplassar pÃ¥ campus, blant anna Realfagsbiblioteket. Kvar veke er det biORAKEL der du kan fÃ¥ hjelp av eldre studentar, jobbe med medstudentar eller berre vere sosial. Biologisk fagutval (BFU) arrangerer faglege og sosiale arrangement for alle biologistudentar. 

Kva kan du jobbe som?

Som biolog kan du arbeide med kartlegging, overvaking og forvaltning av natur og økosystem. Til dømes i Havforskningsinstituttet, Miljødirektoratet, Fiskeridirektoratet eller miljø- og landbruksavdelingar pÃ¥ kommune- og fylkesnivÃ¥.  

Biologar blir ofte tilsett i konsulentfirma som jobbar med konsekvensutgreiingar, naturkartlegging og overvaking. Til dømes i RÃ¥dgivende biologer, Norconsult, Asplan Viak og NIVA.  

Du vil kunne jobbe i oppdrettsselskap som Lerøy eller teknologi- og servicefirma som STIM og ILAB.

Lærar eller formidlar på museum, vitensenter, akvarium og i dyrepark er også mogleg.

Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: REALFA

Generell studiekompetanse i tillegg til Matematikk R1 (eller S1 og S2). Du må også ha anten:

  • Matematikk R2
  • Fysikk 1 og 2
  • Kjemi 1 og 2
  • Biologi 1 og 2
  • Informasjonsteknologi 1 og 2
  • Geofag 1 og 2
  • Teknologi og forskingslære 1 og 2

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

1. semester:

BIO100 - Innføring i evolusjon og økologi (10 studiepoeng)

MOL100 - Innføring i molekylærbiologi (10 studiepoeng)

MAT101 - Brukarkurs i matematikk I (10 studiepoeng)

2. semester:

BIO101 - Organismebiologi (10 studiepoeng)

KJEM109 - Kjemi grunnkurs (10 studiepoeng)

INF100 - Programmering I (10 studiepoeng)

3. semester:

(10 studiepoeng)

STAT101 - Elementær statistikk (10 studiepoeng)

PHYS101 - Grunnkurs i mekanikk og varmelære (10 studiepoeng) 

4. semester:

BIO103 - Cellebiologi og genetikk (10 studiepoeng)

BIO104 - Komparativ fysiologi (10 studiepoeng)

EXPHIL-MNSEM - Examen philosophicum – seminarmodellen (10 studiepoeng)

5. og 6. semester:

Valemne ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ eller utveksling til utlandet/delstudium innan arktisk biologi ved UNIS pÃ¥ Svalbard (30 studiepoeng)

Utveksling

Du kan reise pÃ¥ utveksling i femte og/eller sjette semester. Bachelorprogrammet i biolog har anbefalte avtalar til universitet i Australia, Canada, Nederland, Portugal, Storbritannia, Tsjekkia, Tyskland og USA. Du kan ogsÃ¥ studere arktisk biologi ved UNIS pÃ¥ Svalbard.  ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ har avtalar med mange andre universitet over heile verda som du kan søke pÃ¥.  

Vidare studiemoglegheiter

Bachelorprogrammet i biologi gir grunnlag for opptak til masterprogrammet i biologi og dobbelgraden i global endringsøkologi. Ved å ta visse valfrie emne kan du kvalifisere deg til opptak til masterprogrammet i molekylærbiologi, masterprogrammet i berekraft (spesialisering innan marin berekraft) og masterprogrammet i biomedisin. Dersom du har lyst til å bli lærar kan du også ta PPU.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55583030
E-post: info.nt@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i biologi