Korleis er kvardagen?
Som ph.d.-kandidat vil du jobbe i eit miljø med andre engasjerte kandidatar og forskarar. Du vil i stor grad styre dagane dine sjølv, så sant det ikkje er emne og planlagd undervisning, konferansar eller fristar i prosjektet.
Du vil bli godt kursa i metode, og vil bli ein godt trena analytikar. Samstundes vil du få møte studentar gjennom undervisning og løyse problemstillingar saman med andre i forskingsgruppa, som kan gje ein reell samfunnsnytte.
Du vil kunne reise på utanlandsopphald og få være med på nasjonale og internasjonale konferansar der du møter andre forskarar som er engasjerte i fagfeltet ditt.
Ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ vil du i stor grad oppleve ein flat struktur, der du vil fÃ¥ ansvar og tillit frÃ¥ forskingsleiarar.
Motivert? Viktige eigenskapar for å trivast og lykkast
Som ph.d.-kandidat krevst det at du er strukturert og kan ta initiativ. Du må sjå verdien av å samarbeide med dei andre i miljøet, og du må trivast med å formidle og undervise. Til gjengjeld får du mange moglegheiter!
Dine rettar - som ein tilsett
Som tilsett ph.d.-stipendiat mottar du løn, og du har dei same rettane som andre mellombels tilsette. Om du skulle bli gravid eller sjuk, har du rett til å få innvilga permisjon som andre arbeidstakarar. Stipendets avslutning blir då skyvd fram i tid.
Korleis skjer opptaket til ph.d.-utdanninga?Â
For opptak til eit ph.d.-program må du normalt ha ein femårig mastergrad. Finansiering til ph.d.-løpet er også naudsynt. Planen for ph.d.-utdanninga di må du skrive i form av ei prosjektskildring. Resten av krava varierer mellom fakultet, fagfelt og stipendiatstillinga som skal fyllast. Om du ønskjer meir informasjon om dette, gjer vel å sjå under "ph.d.-programma" lengre nede.
Hovudsakleg er det to mÃ¥tar Ã¥ oppnÃ¥ finansiering for ph.d.-løpet. Først og fremst kan du søkje og fÃ¥ ei ph.d.-stipendiatstilling ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´. Dei vert utlyst pÃ¥:Â
Har du fÃ¥tt stipendiatstilling ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´, kan det være at det relevante fakultet gjev deg opptak til ph.d.-programmet i same prosess. Ved andre fakultet vil tilsetting i stipendiatstilling og opptak til ph.d.-programmet skje i to prosessar. Fakultetet som har ditt fagfelt, vil kunne opplyse deg om gjeldande ordning for dette.
Finansiering for ph.d.-løpet kan du ogsÃ¥ fÃ¥ gjennom ei stipendiatstilling eller ei annan type doktorgradsfinansiering hos ein privat eller offentleg aktør. Viss du har fÃ¥tt midlar til ph.d.-utdanning utanfor ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´, mÃ¥ du søkje om opptak i ein eigen prosess. Ta dÃ¥ kontakt med det aktuelle fakultet.