ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Dr.philos. ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Dr.philos. er ein veg til doktorgraden utanom organisert ph.d.-program.

Kva er dr.philos.-graden

Dr.philos. er ein doktorgrad som kan tildelast deg som har mastergrad eller tilsvarande, og som har bygd opp kompetanse på doktorgradsnivå utan å vere teken opp i eit organisert ph.d.-program. Graden ligg på nivå 8 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk, på same nivå som ph.d.

Forskingsarbeidet skal vere eit sjølvstendig vitskapleg arbeid, utan formell rettleiing og utan tilknyting til eit doktorgradsprogram. Graden kvalifiserer for forskingsverksemd og anna arbeid som stiller høge krav til vitskapleg innsikt og forskingsetikk.

Reglane for dr.philos.-graden finn du her:

Kva graden byggjer på

Dr.philos.-graden blir tildelt på grunnlag av:

  • godkjend vitskapleg avhandling
  • godkjend prøveførelesing over sjølvvalt emne
  • godkjend prøveførelesing over oppgitt emne
  • godkjend disputas

Alle desse elementa må vere beståtte før vitnemål kan utferdast.

Kven kan søkje om å få avhandlinga bedømd

For å kunne stille deg til dr.philos.-graden må du normalt ha ein femårig mastergrad eller tilsvarande, i samsvar med nivå 7 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk. Fakultetet kan etter ei særskild vurdering godkjenne anna likeverdig utdanning.

Du må vere norsk statsborgar eller ha folkeregistrert bustadadresse i Noreg. Dersom du ikkje oppfyller dette, kan du likevel få høve til å stille deg dersom avhandlinga har ei tydeleg tilknyting til Noreg, til dømes gjennom tema, datamateriale eller samarbeid med norske forskingsmiljø.

Søknad om bedømming av avhandlinga

Søknad om å få avhandlinga bedømd blir send til det fakultetet som temaet for avhandlinga høyrer inn under. I søknaden skal du kort gjere greie for korleis temaet fell innanfor fagporteføljen til fakultetet.

Søknaden må mellom anna innehalde:

  • avhandlinga
  • dokumentasjon pÃ¥ tidlegare utdanning
  • naudsynte etiske løyve der dette er kravd
  • medforfattarerklæringar, dersom relevant
  • erklæringar om tidlegare innleveringar og bedømmingar
  • dokumentasjon pÃ¥ statsborgarskap/bustad eller ei utgreiing om tilknyting til Noreg

Fakultetet vurderer om du har høve til å stille deg, og kan avslå søknaden dersom det er openbert at avhandlinga ikkje held tilstrekkeleg vitskapleg nivå, eller dersom fakultetet manglar kompetanse på fagfeltet.

Har du spørsmål om korleis søke om å forsvare ein dr.philos.-grad, kan du kontakte fakultetet som er relevant for avhandlinga du planlegg eller held på med.

Sist oppdatert: 28.04.2026