ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Korleis formar kreative kvardagshendingar og algoritmer kvarandre? Algoritmer er komplekse, og som alt vi ikkje kan forstå rett ut, lagar menneska historier og myter rundt korleis desse moderne maskinene fungerar.

Trond Mohn-stiftinga har tildelt eit Starting Grant til , som no får moglegheit og rom til å danne si eiga forskingsgruppe til å undersøke dette.

– Eg trur det er mange misforståingar, og mange interessante forståingar, som vi må ta meir seriøst, sa de Seta frå scena i aulaen under utdelinga.

– Spesialistar veit kva algoritmer er, men folk veit ikkje nødvendigvis så mykje. Eg vil finne ut korleis folk lagar historier, narrativ, og det eg kallar algoritmisk folklore, for å forstå desse komplekse tekniske objekta.

Mytiske beist i maskina – som Crungus

Eit eksempel han trekker fram er historia om «Crungus».

Bilde
Craiyon images of Crungus
Foto: Craiyon AI: https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Craiyon_images_of_crungus.jpg

Då bildegeneratorverktøyet Dall-E var nytt, testa ein brukar kva som skjedde når han tasta inn tøyseord. Eit av desse var Crungus, som ganske konsekvent gav biletet av eit mystisk demonaktig skikkelse med skarpe hoggtenner, sjølv om monsteret ikkje var forhåndsdefinert noko stad.

Kvar i algoritmen oppstod dette monsteret? Twitter og sosiale medier gav raskt framvekst til folklora rundt dette vesenet, som om kunstig intelligens endeleg hadde avdekt eit mytologisk bebuar som hadde funne tilhaldsstad i maskinene vÃ¥re.

Men det trenger ikkje vere så bokstaveleg mytisk som dette. Også lekmannsforståinga av korleis Facebook-feeden fungerar er gjenstand for ei slags mytologisering, til det punkt at mange er overbevist om at appen lyttar til brukarane gjennom mikrofonen for å gi oss reklame om det vi snakkar om.

Korleis forholder ulike kulturar seg til møtet med algoritmen?

Det meste av forskinga på algoritmer fokuserar på den tekniske utviklinga, økonomiske implikasjonar, eller den juridiske reguleringa, men de Seta – som kallar seg sjølv «teknisk sett ein sosiolog» – synest det å forstå korleis menneske møter og gir meining til algoritmane i kvardagen er like viktig.

Prosjektet har ei global rekkevidde, og blant problemstillingane han skal sjå på er korleis ulike kulturar forholder seg til algoritmene på ulikt vis.

Gabriele de Seta har dei siste fire åra arbeidd i ERC-prosjektet , men får no midlane til å rekruttere og utvikle si eiga gruppe, som blir underlagt Det humanistiske fakultet, og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier.

TMS Starting Grant

TMS Starting Grant-programmet er Trond Mohn Stiftelse sitt flaggskip-program. Programmet har sidan 2008 bidrege til Ã¥ rekruttere 51 framifrÃ¥ unge forskarar til ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´. Programmet er eit strategisk rekrutteringsprogram i samarbeid med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og det er ope for alle forskingsfelt ved universitetet. 

Vinnarane mottek inntil 10 millioner kroner i støtte av Trond Mohn stiftelse – og tilsvarende frÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´, og fÃ¥r moglegheita til Ã¥ etablere si eiga forskingsgruppe og realisere sitt drøymeprosjekt. I slutten av prosjektperioden vil ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ lyse ut ei akademisk stilling innan kandidatens fagfelt, som kandidaten kan søke pÃ¥. 

Faglig kvalitet er hovudkriteriet for evalueringsprosessane.