ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Nysgjerrige Norge er ein podcast finansiert av Noregs forskingsråd, der programleiar Kristopher Schau møter leiarane for 12 av Forskningsrådets sentre for framifrå forsking (SFF). Gjennom serien får vi eit innblikk i kva og kvifor norske forskarar forskar på det dei gjer, samt korleis forskinga deira kan påverke samfunnet.

VÃ¥r leiar og nestleiar, professorane Scott Rettberg og Jill Walker Rettberg, er intervjua i den nyaste episoden.

– «Digitale forteljingar», er det det same som «historieforteljing»?, spør Schau.

– Dei er samanliknbare, men digitale forteljingar omfattar meir enn det vi tradisjonelt sett ville kalt historieforteljing, til dømes konspirasjonsteoriar på internett basert på innblanding i valg. Historieforteljing er kjerna i det, men påverka av , svarar Scott Rettberg.

– Algoritmisk narrativitet er når du folk forteljer historier, men i interaksjon med algoritmar, AI, eller berre internett og teknologiar som det. Om senteret vårt har eit sentralt argument er det at møtet mellom teknologi og menneskets verkeleg gamle ferdigheit, å fortelje historier til kvarandre, skapar nye ting som vi ikkje forstår godt nok i dag, svarar Jill.

Eit felt i enormt rask utvikling

Professorane understrekar behovet for å forstå at digitale forteljingar ikkje berre handlar om sjølve historiene, men også om teknologien som formar dei. Dei oppmodar til meir forsking på samhandlinga mellom menneske og teknologi i historieforteljing, og meiner at vi står overfor ei ny æra i utviklinga av narrativ – i enormt rask endring.

– Trur du det har skjedd noko berre medan vi har satt her? spør Schau.

– Det er eg sikker på. Berre mellom kvar episode av skjer det fem ting vi burde ha diskutert, svarar Scott.

– Eg har alltid elska nye ting. Det er ein av tinga som gjorde meg interessert i forsking til å byrje med, og å arbeide under slike store endringar er spennande, seier Jill.

Sidan 3. februar er det kome éin episode kvar måndag på alle store podcastplattformer og . I tillegg til episoden med Scott og Jill, kan du også høyre intervju med Alexander Wright Cappelen og Bertil Tungodden frå FAIR på Norges handelshøyskole, samt hjerneforskarane May Britt og Edvard Moser ved NTNU. Totalt vil det bli publisert 12 episodar, med ein ny episode kvar veke fram til 21. april.

Nysgjerrige Norge

Nysgjerrige Norge er en podkastserie fra Forskningsrådet der Kristopher Schau møter landets fremste vitenskapspersonligheter og snakker med dem om hvordan de endte opp der de er og forskningen de bedriver.

I serien møter Schau ledere for 12 av Forskningsrådets sentre for fremragende forskning (SFF). Her blir vi kjent med dem og får høre om deres seire og om deres motgang. Vi blir også kjent med deres forskning og hvordan den kan påvirke de som hører på.  

– Vårt mål er at serien kan bidra til å vise verdien av forskning gjennom å synliggjøre hvordan våre beste forskere jobber og hvordan forskningen blir tatt i bruk og løser samfunnsutfordringene vi står overfor, sier administrerende direktør i Forskningsrådet Mari Sundli Tveit.  

  • , , og kvar enn du finn podcastar.

Senter for digitale forteljingar (CDN)

Humaniora-styrt forskning innen elektronisk litteratur, spillstudier, digital kultur og beregning for å fremme forståelsen av digitale fortellinger.

CDN er eit Senter for Framifrå Forsking finansiert av Norges Forskningsråd for perioden 2023-2033. Senteret fokuserar på algoritmisk narrativitet, nye miljø og materialitetar og skiftande kulturelle samanhengar.