Triggersystemet
Triggersystemet er eit fleirårig kunstarisk forskingsprosjekt initiert av Tore Vagn Lid, professor ved NTNU og gjesteforskar ved Senter for vitskapsteori. I sentrum av arbeidet står Lid sitt nye filosofiske lesedrama, «Triggersystemet», og den performative, audiovisuelle realiseringa av dette på scena.
°Õ¾±±ô³óø²â°ù²õ±ô±ð
Om forskingsprosjektet
I det filosofiske (lese)dramaet Triggersystemet møter me Avsenderen, eller "Kaptein Noah" som han ogsÃ¥ kallar seg. Saman med dei levande insekta sine og dei løyndomsfulle brevduene sine har han aldrande, utryddingstrua forskaren trekt seg tilbake til eit eventyraktig fabel-univers, for herfrÃ¥, om mogleg, Ã¥ kunna berga seg sjølv og dyra sine frÃ¥ syndefloda til samtida av nye krigar og kriser.Â
Som observatør og kaptein både undersøkjer og leier han dei utvalde insekta sine gjennom eit sinnrikt utrusta insektakvarium – eit såkalla vivarium. På eit hav av drukna menneske og forkasta moral blir pinnedyr, sniglar, skrukketroll og saksedyr til både med- og motspelarar i eit filosofisk sørgjespel spel mellom mennesket i naturen og naturen i mennesket.
Ut frå Lids metodikk om etydebasert arbeidsprosess (Sjå «») , utviklast det sceniske arbeidet gjennom ein serie av samanhengande/påbyggjande etydar, som alle har eit definert fokuspunkt, og kor ulike ekspertar inngår i dei ulike etydane.
Senter for vitskapsteori (SVT) er ein av fleire partnarar i prosjektet, som i tillegg til NTNU inkluderer Black Box Teater i Oslo, Festspillene i Nord-Noreg, Riksteatret, Dramatikkens Hus og Kunstnerhuset Wrap.Â
Sett frå eit vitskapsteoretisk perspektiv integrerer Triggersystemet som lesedrama ulike kunnskapsformer, også vitskaplege, i eit særeige kunstnarisk formspråk der musikk, scenografi, film, dramaturgi og skodespel/lesing saman skaper eit unikt perspektivmangfald. Slik kan kunst innlemme både forskingresultat og forskinga som livsform på måtar som forskarar elles har vanskeleg for å få til.
I januar 2025 arrangerte SVT og NTNU ei samhøyring av Triggersystemet i SVT sine kontorlokale i ærverdige Parkveien 9 for spesielt inviterte gjester, og i juni 2025 fekk Tore Vagn Lid to Heddaprisar: Beste teaterframsyning og Beste scenetekst for
Les meir i nyheitssaka
Personer
Prosjektleiar
Tore Vagn Lid Forskingsleiar, dramatikar og audiovisuelt konsept, komponist og gitarist